Tone Oppedal i Statens vegvesen og Roy Viktor Ohnstad frå Opedal Drift AS signerte fredag drifts- og vedlikehaldskontrakt for Midtre Sogn. Foto: Statens vegvesen

Ny entreprenør på vegdrift i Midtre Sogn

Statens vegvesen har signert driftskontrakt med Opedal Drift AS. Dei tek over drift og vedlikehald av vegane i Midtre Sogn frå 1.september.

Kontraktsområde Midtre Sogn omfattar Luster, Sogndal, Leikanger, Vik. Balestrand, til Høyangertunnelen og til vestsida av Gaularfjellet. Gjennom Fjærlandstunnelen, og over Vikafjellet til nedste bom på Vossa-sida.

Kontraktssummen er på 209 millionar kroner.

Høge fjell og djupe dalar

Kontrakten strekkjer seg vidt, og inneheld i alt 62 mil veg. Her finn ein djupe dalstrøk, som Jostedalen, Veitastrond og Sogndalsdalen. Her er mange smale vegar langs bratte fjordarmar, og tre fjellovergangar.
Opedal Drift har allereie erfaring frå området, som noverande driftsentreprenør i Indre Sogn.

- Den største utfordringa blir utan tvil vinterdrift av riksveg 13 Vikafjellet. Det er også store lokale forskjellar i dette området, frå lågland til dalstrok med mykje snø. Ferjestrekningane er også ei utfordring, men det skal vi løyse, seier Rolf Andersen i Opedal Drift AS.

Han er no operativ leiar på driftskontrakt Indre Sogn, men desse to kontraktane kjem til å ha felles administrasjon. Når det kjem til mannskap reknar dei med å rekruttere om lag ti personar, pluss nokre underentreprenørar

- Bruk tida til september godt

Vegvesenet sin byggeleiar for driftskontrakta, Johann Njaastad, er samd i entreprenøren si oppsummering av hovudutfordringane.

- Vi har lange avstandar, terreng med skredfarlege strekningar og Vikafjellet som skal vere heilårsope så sant det let seg gjere. Vi trur likevel at krava i den nye kontrakten vil gje god drift av vegane for trafikantane, seier Njaastad.

Med på signeringa var også avdelingsdirektør i Sogn og Fjordane, Svenn Finden. Han rådde begge partar til å bruke tida fram mot september godt.

- Denne samhandlingsfasen de no skal inn i er veldig viktig. Bruk den til å få opp problemstillingar, og still kritiske spørsmål og krav til kvarandre, så kan ein avklare mykje før oppstart, sa Finden.