Kommunekontakt/arealplankontakt

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedVoss
Søknadsfrist05.06.2016

Plan- og forvaltningsseksjonen for Voss og Hardanger har ledig stilling som kommunekontakt/arealplankontakt med kontorstad på Voss.

Seksjonen har hovudansvar for planlegging av vegprosjekt, gang- og sykkeltiltak, trafikksikringstiltak, kollektivtiltak, tiltak for universell utforming og ulike miljø og forvaltningsoppgåver for riks- og fylkesvegnettet i 15 kommunar i indre Hordaland.

Arbeidsoppgåver:

Sentrale oppgåver blir å vere kontaktpunkt mot kommunar, private og verksemder i ulike forvaltningssaker - og behandle offentlege og private planar som får konsekvensar for vegane etter plan- og bygningslova og veglova. Det kan i tillegg bli aktuelt med andre oppgåver innan fagområda som seksjonen har ansvar for.

Kvalifikasjonskrav:

Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år, innan relevant fagkrins. For kandidatar med gode personlege eigenskapar for stillinga og sterk og allsidig praksis frå offentleg forvaltning og/eller relevant fagområde, kan kravet til utdanning fråvikast.

God samfunnsforståing og evne til å vekte ulike interesser i ein større samanheng er viktig. Stillinga inneber mykje intern- og ekstern kontakt. Vi legg difor stor vekt på evne og vilje til samarbeid, samt gode kommunikasjonsevner både skriftleg og muntleg.

Søkjar må ha førarkort for personbil kl. B.

Dette vil vi også leggje vekt på:

  • erfaring frå arealplanlegging
  • generell IKT kompetanse
  • kjennskap til relevant lovverk som plan- og bygningslova og veglova
  • evne til å handtere innspel og engasjement frå dei partane sakene gjeld
  • evne til å ta initiativ og kunne jobbe sjølvstendig
  • erfaring frå samferdsle og transportplanlegging

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda:

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskolar og gode høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersonar:
Carl-Erik Nielsen
mob: +47 91666160

Søk på stillingen her

Vis flere stillinger: