Stoppar arbeid i tunnel etter funn av radioaktivt støv

Statens vegvesen har funne radioaktivt støv i E39 Byfjordtunnelen. Arbeidet med å skifta vatn- og frostsikringa er difor stoppa til over 17. mai. Tunnelen er open for trafikantar.

- Målingar som er gjort viser at støvet bak takplatene som blir tatt ned i tunnelen er radioaktivt. Vi har vore i kontakt med Statens strålevern for å få råd om korleis vi bør handtere materialet. Den planlagde oppgraderinga blir stoppa til etter 17. mai, fortel prosjektleiar i Statens vegvesen Truls Kolnes til vegvesen.no.

- Ikkje farleg for trafikantar

Ifølgje Statens strålevern er verdiane som er målt låge. Difor er det ingen fare for trafikantar. Risikoen for stråling er ikkje stor, men Statens strålevern anbefaler at dei som arbeider bruker støvmasker.

Blir levert til mottak

Platene blir levert til mottak som er godkjent for å ta imot radioaktivt avfall.

Arbeidet med å oppgradere Byfjordtunnelen starta 9. mai. Sikkerheitsutstyret i Rennfast er allereie oppgradert. Nå står vatn- og frostsikringa for tur. Når alt er ferdig til hausten har vi tryggare og lysare tunnelar som tilfredsstiller strenge tryggleikskrav.