Firma | Statens vegvesen Region vest |
Fylke | Sogn og Fjordane |
Sted | Leikanger |
Søknadsfrist | 29.05.2016 |
I HR- og administrasjonsavdelinga i Region vest, ved seksjon for juridisk og anskaffelser, har vi ledig stilling som juridisk sakshandsamar. Seksjonen har 17 tilsette og er lokalisert i Leikanger, Bergen og Stavanger.
Seksjonen har ei viktig rådgjevande rolle innan det juridiske området ut mot dei andre avdelingane. Vidare har seksjonen ein sentral rolle ved anskaffingar og gir støtte til andre einingar i kommersielle og juridiske forhold ved innkjøp.
Viktige arbeidsområde:
Seksjonen utfører oppgåver innan juridisk rådgjeving og sakshandsaming innan veglov, anskaffingar, kontraktsrett og entrepriserett, naborettslege problemstillingar og erstatningsrett.
Stillinga som jurist inneber generell juridisk sakshandsaming og rådgjeving internt og eksternt innan desse områda.
Kvalifikasjonskrav:
Til stillinga vert det kravd at du har juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap. Vi ber om at du legg ved vitnemål frå din embedseksamen i søknaden.
Det er ønskeleg at du har relevant erfaring innan nokre av fagområda, men nyutdanna oppmodast også til å søkje.
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).
Vi ønskjer oss ein medarbeider som
- har evne til å ta initiativ, kan arbeide sjølvstendig og strukturert
- har gode kommunikasjonseigenskapar, både munnleg og skriftleg
- er resultatorientert, effektiv og systematisk
- trivast med tverrfagleg samarbeid
Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.
Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.
Vi tilbyr også desse goda:
- introduksjonsprogram og fadderordning
- fleksitid og gode ordningar for avspasering
- pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
- etatsskular og gode høve for fagleg påfyll
Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.
Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.
Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.
Kontaktpersonar:
Hjalmar Olseth
tlf: +47 55516440
mob: +47 90845139
Vis flere stillinger:
- Alle
- Søk etter Statens vegvesen Region vest, Leikanger
- Fylke Sogn og Fjordane