Forvaltning av vegar og trafikktrygging

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeSogn og Fjordane
StedFørde
Søknadsfrist26.05.2016

I vegavdeling Sogn og Fjordane har vi ledig stilling på Plan- og forvaltningsseksjonen i Førde. Vi jobbar med arealplanar og forvaltningssaker langs riks- og fylkesvegane td. avkøyrsler, byggjegrenser og skilthandsaming. Trafikktrygging og trafikktryggingstiltak er også viktige arbeidsoppgåver for oss.

Likar du å jobbe i eit aktivt miljø der samarbeid er viktig? Er du omgjengeleg og har godt humør? Likar du utfordringar og ha mange ballar i lufta? Då er gjerne dette ein jobb som passar deg!

Arbeidsoppgåver:

  • Trafikktrygging for Statens Vegvesen og i samarbeid med kommunane
  • Forvaltning av vegnettet (avkøyrsle/ leidningar og dispensasjon frå byggegrense)
  • Andre oppgåver innafor seksjonen sitt ansvarsområde

Kvalifikasjonskrav:

  • Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år
  • Ynskjeleg med kunnskapar om ei eller fleire av arbeidsoppgåvene i stillinga
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Førarkort for personbil

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Det vil og bli lagt vekt på:

  • Evne til å ta initiativ, jobbe sjølvstendig og strukturert
  • Gode samarbeidsevne og evne til å skape gode resultat saman med andre
  • At kompetansen din passar inn i den samla kompetansen på seksjonen

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og gode høve for fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Opplysningar om søkjar kan bli offentlege sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjar varslast om dette.

Søk på stillinga her

Kontaktpersonar:
Vigdis Lobenz
tlf: +47 57724054
mob: +47 97517380



Vis flere stillinger: