Utsett formuesskatt ved underskot

I samband med budsjettet for 2017 vil Regjeringen foreslå ei midlertidig og avgrensa ordning med utsett formuesskatt for eigarar av verksemder som går med rekneskapsmessig underskot.

- Utsett formuesskatt for eigarane kan gjere det enklare for verksemder som ikkje har god tilgang på kapital, å holde aktiviteten ved lag i ein krevjande periode, seier finansminister Siv Jensen.

- Formuesskatten kan vere spesielt utfordrande i krevjande tider når eigarar må ta ut utbytte frå verksemder som går med underskot for å betale formuesskatten. For verksemder som ikkje har god tilgang på kapital, kan dette skape likviditetsproblem og gjere det vanskelegere å oppretthalde aktiviteten. For å førebyggje slike problem vil Regjeringa i samband med budsjettet for 2017 foreslå ei midlertidig og avgrensa ordning med utsett formuesskatt for eigarar av verksemder som går med rekneskapsmessig underskot. Ein tek sikte på at ordninga skal gjelde frå og med inntektsåret 2016, heiter det i ei pressemelding.