Planleggingsleiar Stavanger

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist28.05.2016

I Rogaland er det ei stor auke i samferdsleprosjekt, mellom anna Sykkelstamveien, Bussveien, Bypakke Nord-Jæren og Haugalandspakken. Statens vegvesen har ansvar for planlegginga av desse prosjekta, og trenger dyktige fagfolk for å møte den auka arbeidsmengda.

Vil DU vere med og utvikle samferdslenettet i regionen?

Vi søkjer etter ein erfaren planleggingsleiar som kan leie og koordinere planarbeidet, fortrinnsvis med erfaring innan veg- og arealplanlegging. Planleggingsleiar vil i hovudsak få ansvar for prosjekt på riks- og fylkesvegnettet som er omtala i Nasjonal Transportplan eller Handlingsprogram for fylkesveger i Rogaland.

Stillinga vil vere knytt til Planseksjonen på Ressursavdelinga med kontorstad Stavanger, eventuelt Haugesund. Planseksjonen i Stavanger er i dag om lag 50 tilsette, med kompetanse innan vegplanlegging, prosjektleiing, arealplanlegging, arkitektur, landskapsarkitektur, miljø, natur, arkeologi m.m.

Arbeidsoppgåver

Planleggingsleiar har ansvar for å koordinere planarbeidet med kommunedelplanar og reguleringsplanar med spesiell fokus på:

  • koordinering av planprosessar etter plan og bygningslova
  • prosjektleiing styre tverrfagleg prosjektgruppe
  • innkjøp og styring av konsulentoppdrag ved behov

Kvalifikasjonskrav

  • utdanning frå høgskule eller universitet på sivilingeniør- eller masternivå, min. 5 år.
  • minimum 5 års relevant erfaring
  • erfaring med gjennomføring av planprosesser innan plan- og bygningslova
  • erfaring med å leie store og komplekse planprosjekt

For kandidatar med omfattande relevant erfaring, og som er spesielt godt eigna for stillinga, kan ein fråvike kvalifikasjonskravet

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Det er vidare ønskjeleg at du har:

  • evne til å ta ansvar for krevjande oppgåver
  • evne til å styre, koordinere og samordne oppgåver
  • evne til å jobbe strukturert og organisert
  • erfaring med offentlege anskaffingar
  • gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg
  • evne til å tenkje nytt og ha eit heilskapeleg perspektiv

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Søk på stillinga her

Kontaktperson:
Linda Karlsen Longfjeld
tlf: +47 51911403
mob: +47 92240413

Vis flere stillinger: