Vegplanlegger Stavanger

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist28.05.2016

I Rogaland er det ei stor auke i samferdselsprosjekt, blant anna Sykkelstamveien, Bussveien, Bypakke Nord-Jæren og Haugalandspakken. Statens vegvesen har ansvar for planlegging og prosjektering av desse prosjekta, og treng dyktige fagfolk for å møte den aukande arbeidsmengda.

Vil DU være med og utvikle samferdselsnettet i regionen?

Vi søkjer etter erfaren vegplanlegger med erfaring innan vegprosjektering og/eller vegplanlegging. Arbeidet vil i hovudsak vere knytt til prosjekt på riks- og fylkesvegnettet som er omtalt i Nasjonal Transportplan eller Handlingsprogram for fylkesveger i Rogaland.

Stillinga vil være knytt til Planseksjonen på Ressursavdelinga med kontorsted Stavanger. Planseksjonen i Stavanger er i dag ca. 50 tilsatte, med kompetanse innan vegplanlegging, prosjektleiing, arealplanlegging, arkitektur, landskapsarkitektur, miljø, natur, arkeologi m.m.

Arbeidsoppgåver

Vegplanlegger vil ha ansvar for ein eller fleire av følgande oppgåver:

  • Vegprosjektering - detaljprosjektering (byggeplaner), konkurransegrunnlag/anbudsdokument, oppfølging i byggefasen
  • Vegplanlegging - reguleringsplaner/kommunedelplaner
  • Vegfaglig rådgiving - veiledning av mindre erfarne vegplanleggere, arbeid med faglig kvalitetssikring

Kvalifikasjonskrav

  • Eksamen frå universitet eller høgskule, minimum 3 år, innan vegplanlegging eller tilsvarande
  • Minimum 5 års relevant erfaring
  • Erfaring med vegplanlegging/vegprosjektering

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Det er vidare ønskelig at du har

  • Erfaring i bruk av dataverktøy i planlegginga (AutoCAD, NovaPOINT m.fl.)
  • Evne til å jobbe strukturert og nøyaktig
  • Gode evner til samarbeid, og til å jobbe mot korte fristar
  • God gjennomføringsevne, til å jobbe sjølvstendig og resultatorientert
  • Evne til å tenke nytt og ha et helheitleg perspektiv
  • Evne til å utvikle eiga fagområde

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Søk på stillinga her

Kontaktpersonar:
Linda Karlsen Longfjeld
tlf: +47 51911403
mob: +47 92240413


Vis flere stillinger: