HMS-koordinator på E16 over Filefjell

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeOppland
StedFilefjell/Tyin
Søknadsfrist22.05.2016

Statens vegvesen er i gang med bygging av ny E16 frå Øye i Vang kommune i Oppland til Borlaug i Lærdal kommune i Sogn og Fjordane. Vegstrekninga er 40 km inklusiv 3 tunnelar på til saman 12 km, og har ein totalkostnad på 3 milliardar kroner. Anlegget er venta ferdigstilt i 2018. Byggherrekontoret er lokalisert til Tyinkrysset i Vang kommune.

Vi har ledig fast stilling som HMS-koordinator som skal ha som hovudarbeidsområde å syte for at HMS blir godt ivareteke i anleggstida på E16 Filefjell. Stillinga er knytt til byggherrepoolen i Region vest, for tida med kontorstad på byggherrekontoret for prosjektet.

Arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for oppfølging av HMS
  • Sjå til at internkontroll-, byggherreforskrifta og anna offentleg regelverk blir følgt
  • HMS-koordinator for anleggskontraktane etter byggherreforskrifta
  • Ta initiativ til å utvikla og forbetra HMS-arbeidet i prosjektet
  • Sjå til at prosjektet sine tilsette og spesielt byggjeleiinga er oppdatert fagleg innafor HMS-området
  • Sjå til at HMS blir rapportert i samsvar med rutinar og retningslinjer
  • Endeleg ansvar i stillinga vil bli avgjort i samsvar med den tilsette sin kompetanse og erfaring

Kvalifikasjonar:

Minimum 3 år utdanning frå universitet eller høgskule, med kompetanse innan fagområdet. Det vert og kravd erfaring frå tilsvarande arbeidsoppgåver. Omfattande og relevant erfaring innafor fagområdet kan kompensera for manglande formell utdanning.

Krav om førarkort klasse B.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Det vil bli lagt vekt på at du:

  • Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Er omgjengeleg, sjølvstendig, løysingsorientert og strukturert
  • Har gode samarbeidsevner og er fleksibel

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og gode høve til fagleg påfyll
  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • blir ein del av det største byggherremiljøet innafor veg- og anleggsarbeid på Vestlandet

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Søknad:

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersonar:
Odd Erik Haugen
tlf: +47 57655768
mob: +47 95046057

Søk på stillinga her

Vis flere stillinger: