Det blir langt meir trafikk gjennom rundkøryingane på fv.552 gjennom Os sentrum når E39 blir stengt i ei retning i fire månader frå 2.mai. (Foto: Geir Brekke)

Stenger E39 og tursti i Os

Statens vegvesen stenger E39 i retning nord mot Bergen mellom Moberg og Tøsdal i Os frå mandag 2. mai til 4. september.

På grunn av anleggsarbeid langs E39 mellom Tøsdal og Ulvenvatnet i Os kommune, må eitt felt stengast på strekninga. Det betyr at E39 berre får eitt køyrefelt gjennom anleggsområdet. Køyrebana blir reservert for trafikk sørover i retning Halhjem.

Stenginga av eitt felt på E39 blir iverksett frå mandag 2. mai kl. 00.00.

Kø forbi Osøyro

For trafikk i retning Bergen blir det omkøyring på fv. 552 om Osøyro. Det må påreknast ein del ekstra kø for trafikken på fylkesvegen ned Mobergbakken og ved passering av fleire rundkøyringar gjennom Os sentrum. For trafikken på E39 mot Halhjem vil det bli nedsett fartsgrense forbi anleggsområdet. Det vil også bli ventetid på kring 10 minutt ved sprenging her for E39-trafikk i retning Halhjem.

Stenger tursti

Anleggsarbeidet omfattar bygging av ei djup grøft til framføring av ulike vassleidningar og kommunalt VA-anlegg mellom Svegatjørn og Ulvenvatnet. Det blir graving og sprenging i eine køyrebana på E39.

Arbeidet fører også til at ein tursti langs nordsida av Ulvenvatnet blir stengt nokre veker frå mandag 2. mai. Stien går mellom Kolskogen og Kyrkjegarden, mellom anna under Mobergsbrua på E39.

Lengre reisetid

Statens vegvesen oppmodar trafikantane til å respektere fartsgrensa på 50 km/t forbi anleggsområdet på E39. Gjennomgangs-trafikantane på fylkesvegen om Osøyro bør altså vere budde på at turen gjennom Os vil ta noko lengre tid enn vanleg dei månadene vegarbeidet pågår.

Statens vegvesen vil til dømes ha trafikkvakter ved dei to gangfelta i Mobergsbakken på omkøyringsvegen, for å sikre kryssing av vegen her. Det vil og bli etablert mellombels fartshumper her.

Elles blir det informert om trafikkomlegginga på visingstavler på ferjekaien på Sandvikvåg.