E134 Førrestjørn i Tysvær kommune i Rogaland opnar fredag. Foto: Statens vegvesen

Fylkesordføraren opnar E134 Førrestjørn fredag

Statens vegvesen opnar E134 Førrestjørn i Tysvær kommune fredag 22. april. Solveig Ege Tengesdal klypper snora.

Hovudmålet har vore å betre trafikktryggleiken og bygge om krysset mellom E134 og fylkesveg 771 til eit planfritt kryss. Rundt 15.000 bilar køyrer forbi Førrestjørn kvar dag.

- Med så stor trafikk var vi veldig spente på trafikkavviklinga, men det har gått overraskande godt. Samarbeidet med entreprenør Vassbakk & Stol AS har vore veldig bra, og naboar og trafikantar har vore veldig tolmodige. No er vi glade for at alt er ferdig etter rundt eit og eit halvt år med anleggsarbeid, seier prosjektleiar Einar Færaas i Statens vegvesen i ein pressemelding.