Vegplanleggar

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeSogn og Fjordane
StedLeikanger
Søknadsfrist23.05.2016

Ønskjer du å jobbe med planlegging av vegar i Statens vegvesen? Vi kan by på mange spennande utfordringar innan dette fagfeltet på regionkontoret i Leikanger.

Planseksjonen høyrer til Ressursavdelinga i Region vest som totalt har eit samla fagmiljø med ca. 280 medarbeidarar. Vi utfører veg-, gate- og tunnelplanlegging på store og små prosjekt i eigen regi eller ved bruk av konsulentar. For tida har vi mykje arbeid med Førdepakken, E16, E39 og fylkesvegnettet på Vestlandet. Vi søkjer etter ein vegplanleggar som ønskjer å bistå med kunnskap og kompetanse inn mot desse oppdraga.

På Planseksjonen på Leikanger er vi 18 medarbeidarar innan fagområda prosjektleiing, veg, landskap, naturmiljø og arkeologi, der 8 er vegplanleggarar.

Arbeidsoppgåver:

  • veg- og tunnelplanlegging
  • gateplanlegging
  • styre planprosjekt (planleggingsleiing)
  • engasjere og styre konsulentoppdrag
  • reguleringsplanar og kommunedelplanar etter plan- og bygningslova
  • konsekvensutgreiingar

Kvalifikasjonskrav:

  • Eksamen frå universitet eller høgskule, min. 3 år, innan vegplanlegging eller tilsvarande.
  • Ønskeleg med erfaring innan prosjektering/planlegging av vegar, men vi oppmodar og nyutdanna til å søke.
  • Ønskeleg med erfaring i bruk av dataverktøy (AutoCAD, Novapoint, m.fl.).
  • Det er ønskjeleg at søkjar har førarkort kl. B
  • Det må påreknast noko reiseaktivitet på oppdrag i regionen

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Vi ynskjer at du er:

  • Glad i faget ditt og resultatorientert
  • Kan styre, koordinere og samordne oppgåver
  • God til å samarbeide med andre
  • Analytisk og kan sjå problemstillingar frå fleire vinklar
  • Flink til å uttrykke deg skriftleg og munnleg

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og sterkt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidsdagar med god balanse mellom arbeid og fritid. Mange nyttar moglegheitene naturen på vestlandet gjev for spennande friluftsaktivitetar.

Vi tilbyr også desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og mogelegheit for lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og gode mogelegheiter for fagleg påfyll

Løn avtalast nærare i samsvar med vår lønspolitikk.

Søknad:

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Søk på stillinga her

Kontaktpersonar:
Ellen Slinde
tlf: +47 57655795
mob: +47 99203238