Illustrasjonsfoto: Statens vegvesen.

Lyser ut stor kontrakt på Ryfast og Eiganestunnelen

Statens vegvesen lyser nå ut den siste store vegkontrakten i Ryfast og Eiganestunnel-prosjektet.

Kontrakten går ut på å bygge veg på Tasta, på nordsida av Eiganestunnelen, skriver Statens vegvesen på sine nettsider.

- Storleiken på kontrakten og arbeidet som skal gjerast er eit godt utgangspunkt for lokale entreprenørar. Vi håper det viser igjen på tilboda vi får, seier prosjektleiar Gunnar Eiterjord.

Entreprenøren som får kontrakten skal bygge ny fire felts E39 frå Eiganestunnel-portalen på Tasta til vegen går over til to felt ved avkøyring til parkeringsplass ved Store Stokkavatn. Strekninga er på cirka 700 meter.

Det skal byggast eit nytt toplanskryss utforma som rundkøyringsbru over ny E39, med tilkopling til lokaltrafikken frå og til Ytre Tasta. I tillegg kjem av- og påkøyringsfelt til E39.

Det skal også byggast ny bru over E39 for tilkomst til bustader på vestsida av E39 og turområde, og rampe ned til busshaldeplass ved E39, melder Statens vegvesen.

Arbeidet startar etter planen opp etter ferien i år og skal vere ferdig til mars 2019.