Forvaltar av bygg og eigedom

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist01.05.2016

Ved Statens vegvesen Region vest er det ledig stilling som forvaltar av etaten sine bygg og eigedomar i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. Av eigedomsporteføljen kan nemnas kontorbygg, trafikkstasjoner, kontrollstasjoner, hytter og vegmuseum. Stillinga ligg under HR- og administrasjonsavdelinga. Kontorstad vil vere Stavanger.

Arbeidsoppgåver:
• Overordna ansvar for den bygningsmessige og tekniske tilstanden i eigedomsporteføljen
• Administrere og følge opp eigedomane sine service- og driftsavtalar
• Utarbeide tekniske tilstandsrapportar, samt vedlikehalds- og felleskostnadsbudsjetter
• Planlegge og gjennomføre prosjekt- og vedlikehaldsarbeid, samt eventuelle leigetakar-tilpassingar
• Sørgje for at eigedomane til ein kvar tid tilfredsstiller offentlege lover og forskrifter
• Lokalt brannvern-ansvar
• Årlig samarbeidsmøte med brukarar/ utleier av byggja
• Oppfølging av økonomiske forpliktingar knytt til leiekontrakt

Kvalifikasjonskrav:
• 3-årig høgskule innan bygg/VVS/elektro tekniske fag samt helst noko praksis
• Eventuelt relevant og lang erfaring frå eigedomsforvaltning, styringssystem eller VVS/elektro, kan kompensere for manglande formell utdanning
• Du må ha førerkort kl B

Det er ynskjeleg at du har:
• Kunnskap om forvaltning, drift og vedlikehald av bygg
• Det er ein fordel med kunnskap om Plan- og bygningsloven, Lov om offentlege anskaffelse og anna relevant regelverk
• Fortrolig med IKT som arbeidsverktøy. Statens vegvesen nyttar FDV-programmet Plania
• God norsk munnlig og skriftlig framstillingsemne
• God økonomisk forståing

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Vi legg vekt på at du er:
• Strukturert, lojal, sjølvstendig og nøyaktig
• Sosial og imøtekommande
• Høg gjennomføringsevne
• Resultat- service- og løysningsorientert
• Med på å utvikle eit godt arbeidsmiljø

Lønnsvilkår:
Løn etter avtale i samsvar med etaten sin lønspolitikk. Det vert trekt 2% av løna til Statens pensjonskasse.

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling:
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:
• introduksjonsprogram og fadderordning
• fleksitid og gode ordningar for avspasering
• pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
• etatsskolar og høve til fagleg påfyll
• høve til vidareutdanning

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Søk på stillinga her

Kontaktpersonar:
Jan Otto Tofte
mob: +47 90108897

Jan-Erik Hansen
mob: +47 94804941


Vis flere stillinger: