Firma | Statens vegvesen Region vest |
Fylke | Rogaland |
Sted | Stavanger |
Søknadsfrist | 21.04.2016 |
Vil du ta del i bygginga av eit av Noregs største vegprosjekt?
Prosjektet vart endeleg godkjent av Stortinget i juni 2012 og byggestart på første entreprise var i november 2012. No er både Ryfylketunnelen, Hundvågtunnelen og Eiganestunnelen under bygging. Prosjektet er lokalisert i prosjektkontor på Våland i Stavanger med ein byggherreorganisasjon på om lag 50 medarbeidarar og er planlagt ferdigstilt i 2019.
Statens vegvesen søkjer no kontrollingeniør tunnel Rv. 13 Ryfast – Ryfylketunnelen.
Stillinga er fast i Statens vegvesen Region vest, ved prosjektslutt blir personell overført til andre relevante oppgåver i byggherrepoolen i regionen.
Arbeidsoppgåver
Oppfølging av etableringa av tunneldriving/-utrustning i tunnel Rv. 13 Ryfast med fokus på framdrift, kvalitet og HMS.
Kvalifikasjonar og bakgrunn
Du må ha relevant teknisk utdanning og erfaring med oppfølging av tunneldriving, samt etablering av utrustning i tunnel.
Det blir lagt vekt på at den som blir tilsett er initiativrik, har gode kommunikasjonsevner, er ryddig og strukturert samt har gode evner for samarbeid.
Det er elles viktig med generelle datakunnskapar sidan våre interne system er elektroniske og i hovudsak basert på internett/web-hotel.
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).
Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.
Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.
Vi tilbyr òg desse goda
- introduksjonsprogram og fadderordning
- fleksitid og gode ordningar for avspasering
- pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
- etatsskolar og høve til fagleg påfyll
Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.
Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.
Kontaktpersonar:
Gunnar Eiterjord
mob: +47 91877089
Vis flere stillinger:
- Alle
- Søk etter Statens vegvesen Region vest, Stavanger
- Fylke Rogaland