Rustar opp Rennfast-tunnelane

Snart startar siste del av opprustinga av Rennfast-tunnelane.

Oppgraderingsarbeidet i Rennfast starta for to og eit halvt år sidan. Arbeidet har vore heilt nødvendig i dei snart 24 år gamle tunnelane. Utstyret var gammalt og trafikken gjennom tunnelane er så stor at krava til utstyr er heilt annleis enn då tunnelane opna i 1992.

- Vi har fått mange spørsmål om sjøvatn i vegbanen og lause takplater. No blir dette ordna opp i, seier prosjektleiar Truls Kolnes i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Ferdig til hausten
Snart startar siste del av arbeidet med å gjere Byfjordtunnelen og Mastrafjordtunnelen tryggare og tørrare. Då blir det nye månader med kolonnekøyring. Arbeidet varer rundt eit halvt år.

- Vi måtte ta det mest kritiske først, altså sikkerheitsutrustinga. Deretter var det viftene og no står vass- og frostsikringa for tur. Det er utfordrande at vi ikkje kan stenge tunnelane når vi arbeider. Difor har det vore naudsynt å dele oppgraderingsarbeidet i tre fasar, forklarer prosjektleiar Kolnes.

24 år gamle takplater
I første del av oppgraderingsarbeidet i Rennfast fekk tunnelane kameraovervaking, fleire naudstasjonar og nød- og ledelys. I andre runde blei mellom anna lys og ventilasjon skifta ut. No står dei 24 år gamle takplatene for tur.

Tunnelane kan ikkje stengast på grunn av at det ikkje er omkøyringsmoglegheiter. På grunn av omsynet til trafikantane må alt arbeidet i tunnelane skje kveldar og netter. Då seier det seg sjølv at oppgraderinga tar lengre tid.

– Arbeidet skjer kveldar og netter heilt fram til hausten. Tunnelane blir stengte når det er arbeid i tunnelen, men trafikken får køyre i kolonne gjennom tunnelane med ledebil. Dette er ei ordning som har fungert tidlegare, seier Kolnes.

Skanska billegast
Fem entreprenørar var interessert i jobben i Rennfast. Skanska Norge AS hadde det lågaste anbodet med rundt 27,2 millionar kroner. AF Gruppen Norge AS var nummer to med cirka 32,5 millionar kroner.

Kontrakten med Skanska AS blir skriven under i første halvdel av april.