Firma | Statens vegvesen Region nord |
Fylke | Nordland |
Sted | Bodø |
Søknadsfrist | 17.04.2016 |
Vi søkjer deg som kan arbeide sjølvstendig og nøyaktig samtidig som du er produktiv. Du samarbeider og kommuniserer godt og har ei god servicehaldning.
Dokumentasjonssentra i Statens vegvesen har fagansvar for arkiv/dokumenthandsaming i etaten og er ein del av Informasjonsforvaltningsseksjonen i HR- og administrasjonsavdelinga i Vegdirektoratet.Seksjonen er landsdekkande med medarbeidarar og einingar i alle regionane og i Vegdirektoratet. Vi har i mange år hatt elektronisk sakshandsaming. Statens vegvesen nyttar nå Public 360 som sak-/arkivsystem.
Ansvar og arbeidsoppgåver
Du vil delta i dei daglege drifts- og utviklingsoppgåvene som journalføring, skanning og kvalitetssikring av dokumentflyt, i tillegg til fortløpande rådgjeving, rutineutvikling, opplæring og brukarstøtte. Du vil arbeide med opplæring i bruk av sak- arkivsystem, og dessutan omfattande rettleiing innan dokumentfangst for større og mindre prosjekt.
Fagområdet er i sterk utvikling og fokuset framover er i større grad prosessutvikling, brukarstøtte, systemutvikling m.m.
Kvalifikasjonar
Du må ha utdanning frå universitet eller høgskule (minimum 3 år), fortrinnsvis med arkiv og dokumentbehandling i fagkrinsen. Relevant erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning. Det er ein fordel med erfaring frå opplæring, gjerne innan sak-arkivsystem. Vidare må du beherske PC som arbeidsverktøy. Erfaring frå Noark 5 vil bli vektlagt. Arbeidsoppgåvene krev at du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
Søkjarar må tilfredsstille krava til sikkerheitsklarering.
Vi kan tilby
- introduksjonsprogram og fadderordning
- fleksitid og gode ordningar for avspasering
- pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
- spanande arbeidsoppgåver i ein etat i stadig utvikling
- gode utviklingsmoglegheiter i ein stor, landsdekkande organisasjon med internasjonalt engasjement
Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.
Kontaktperson: Wencke Karlsen Sørnes, 75552988/48139053
Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.
Søk stillinga på vegvesen.no/jobb innan 17. april 2016
Vis flere stillinger:
- Alle
- Søk etter Statens vegvesen Region nord, Bodø
- Fylke Nordland