Brakkebygging pågår ved Klokkarvatnet i Bergen. I bakgrunnen til høgre maskin-telt til entreprenør. (Foto: Geir Brekke)

Bygger kontorbrakke til E39 Svegatjørn–Rådal

Statens vegvesen er no i gang med bygging av kontorbrakke til prosjektstaben for E39 Svegatjørn–Rådal, ved Hamre i Fana.

Brakka blir bygt med totalt 69 modular på 8,4 meters lengde. Lengda er nett passe til transport med vogntog, med to einingar i kvar last. Leveransen kjem frå Moelv i Hedmark. Første forsyning kom på E16 via Valdres tidleg 30.mars. I løpet av eit par veker skal heile kontoret på kring 1.700 kvadrat stå klart til innreiing, og seinare innflytting, heier det i ei melding på vegvesen.no.
Prosjektet held i dag hus i leigde lokale på Kokstad i Bergen. Også i brakka ved Klokkarvatnet i Fana blir det leige av hus. Det er Stord Innkvartering som har oppdraget med å innkvartere byggherre-mannskapa til Statens vegvesen. Det blir drøye 50 kontorplassar pluss møterom og fellesrom. 
Kontoret ligg i eit område som også blir nytta til brakke og maskin-telt for entreprenør. Like ved pågår bygging av tilkomst-tunnelen til den 9,2 km lange Lyshorntunnelen. Kontoret ligg såleis sentralt i prosjekt-området.