Anskaffelseskoordinator

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeFlere fylker
StedLeikanger, Bergen eller Stavanger
Søknadsfrist18.04.2016

I Statens vegvesen Region vest ønskjer vi å styrke vår anskaffingsverksemd og søkjer no ein dyktig medarbeidar som kan bidra til gode prosessar innan dette området.

Stillinga som anskaffelseskoordinator vil vere ein av totalt fire koordinatorar på seksjon for juridisk – og anskaffelser som har ei regional støttefunksjon innan fagområdet. Seksjonen har ei viktig rådgjevande rolle innan det juridiske området ut mot dei andre avdelingane, og har vidare ein sentral rolle ved anskaffingar og gir støtte til andre einingar i kommersielle og juridiske forhold ved innkjøp.

Totalt har seksjonen 17 tilsette lokalisert i Leikanger, Bergen og Stavanger. Kontorstad for denne stillinga vil primært vere Leikanger eller Bergen, men Stavanger kan også vurderast.

Viktige arbeidsområder på seksjonen:
Seksjonen har oppgåver innan juridisk rådgjeving og sakshandsaming innan veglov, naborettslege problemstillingar, erstatningsrett, anskaffingar, kontraktsrett og entrepriserett. I tillegg kjem førebuing ved rettssaker og KOFA klagesaker, rådgjeving ved anskaffingar i regionen, ansvar for anskaffelsesnemd, samt ansvar for opplæring/informasjon og kontroll av anskaffingsprosessar.

Hovudoppgåvene i stillinga som anskaffelseskoordinator vil vere bistand og rådgjeving ved offentlege anskaffingar til einingane i regionen, kvalitetssikring av konkurransegrunnlaga før utlysing i DOFFIN, samt evaluering av tilbod og deltaking ved kontraktsforhandlingar. Arbeid knytt til kvalitetsoppfølging, internkontroll og revisjon kan også påreknast.

Stillinga kan også verte tillagt andre oppgåver innan det juridiske området avhengig av seksjonen sine behov og din kompetanse.

Kvalifikasjonskrav:
Til stillinga vert det kravd at du har juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap og relevant erfaring innan fagområdet. Innkjøpsfagleg erfaring og særskilt kjennskap til anskaffingar i offentleg verksemd vil verte vektlagd.

Vi ber om at du legg ved vitnemål frå din embetseksamen i søknaden.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Regionen har stor aktivitet innan anskaffingsområdet og som koordinator må du ha evne til å kunne arbeide strukturert og nøyaktig med mange oppgåver samstundes, ha god gjennomføringsevne, samt gode analytiske evner.

Då stillinga inneber stor grad av utarbeiding av skriftlege rapportar og dokumentasjon, samt mykje intern/ekstern kontakt, set vi krav til gode kommunikasjonsevner i norsk, både skriftleg og muntleg.

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Søk på stillinga her

Kontaktpersonar:
Hjalmar Olseth
tlf: +47 55516440
mob: +47 90845139