Rådgjevar for ferjedrift

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeFlere fylker
StedLeikanger, Bergen eller Stavanger
Søknadsfrist17.04.2016

Byggherreseksjonen har eit operativt byggherreansvar for ferjedrift på riksvegferjesambanda i Region vest, og på vegne av fylkeskommunane utfører vi også dette i Sogn og Fjordane, Rogaland, Vest-Agder og Buskerud.

Byggherreseksjonen har i dag fire rådgjevarar som arbeider med ferjerelaterte saker i Region vest. Nye nasjonale og regionale utviklingsoppgåver, i tillegg til auka krav til driftsoppfølging av rederia, gjer at vi no må auke teamet med ein medarbeidar.

Vi søkjer primært etter kandidatar med lang og relevant erfaring frå sjølvstendig utgreiings- og sakshandsamingsarbeid innafor arbeidsoppgåvene som er lista opp under. Vi er likevel opne for kandidatar med mindre erfaring frå arbeidsområdet, men som fyller krava til formalkompetanse og personlege eigenskaper, og som har evne og motivasjon til å sette seg inn i eit nytt fagfelt.

Kontorstad for stillinga er fortrinnsvis Leikanger, men Stavanger eller Bergen kan også vurderast.

Arbeidsoppgåver:

Avhengig av søkjar sin bakgrunn kan aktuelle arbeidsområde vere:

Utgreiings- og sakshandsamingsoppgåver knytt til:

  • utarbeiding av konkurransegrunnlag, anbodsutlysing og evaluering av anbod
  • utgreiingsarbeid
  • oppfølging av rederi i perioden før kontraktsoppstart
  • kontraktsoppfølging
  • stikkprøvekontrollar
  • organisering av driftsmøte med ferjeselskapa

Kvalifikasjonskrav:

Utdanning frå universitet eller høgskule (t.d. innan økonomi, logistikk, jus, ingeniørfag), minimum 3 år. Det er òg ønskjeleg med 3-4 års relevant praksis.

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Kjennskap til samferdslesektoren og erfaring med offentleg innkjøpsreglement er ønskjeleg, men ikkje ein føresetnad.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Stillinga krev:

  • gode samarbeidsevner
  • god analytisk evne
  • fleksibel, initiativrik og løysingsorientert organisering av eige arbeid
  • gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg
  • evne og vilje til å yte service både internt og eksternt

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Søk på stillinga her

Kontaktpersonar:
Øyvind Haaland
mob: +47 97699580