Grunnervervar

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist17.04.2016

Kan du tenkje deg å arbeide med grunnerverv og er jordskiftekandidat, jurist eller har annan relevant bakgrunn, då har vi stilling til deg.

I Statens vegvesen Region vest ved Eigedomsseksjonen har vi ledig stilling som grunnervervar med kontorstad i Stavanger og/eller Haugesund. Du må oppgjeve kva for eit kontorstad du søkjer på.

Eigedomsseksjonen har ansvar for grunnerverv, landmåling og forvaltning av eksisterande veggrunn. Seksjonen har om lag 60 medarbeidarar og har kontorstad i Stavanger, Haugesund, Bergen og Leikanger. Om lag 30 medarbeidarar har grunnerverv som hovudoppgåve.

Arbeidsoppgåver:
Dei som vert tilsette vil få utfordrande, varierande og sjølvstendige arbeidsoppgåver innan grunnerverv. Som grunnervervar vil du delta i prosjektgrupper for nye vegprosjekt og bidra i heile prosessen frå start av planarbeidet til veganlegget er ferdig bygd. Våre prosjekter varierer frå store veganlegg til gang- og sykkelvegar, trafikksikringstiltak og større og mindre drifts- og vedlikehaldsprosjekt. I tida framover vil aktiviteten med nye utbyggingsprosjekt auka vesentleg i vår region og som følgje av det ønskjer vi å styrke bemanninga ved seksjonen.

Kvalifikasjonskrav:
Det blir kravd at du har mastergrad frå universitet/høgskule innan fagområda planfag, eigedomsfag og juridiske fag. For søkjarar som har lang og relevant erfaring innan dei aktuelle fagområda, og som har gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Det er ønskjeleg med erfaring innan fagområdet, men vi vil også oppmoda nyutdanna til å søkje. Søkjaren må ha førarkort for personbil.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, tilrår vi at den vert godkjend av NOKUT ( www.nokut.no).

Seksjonen har mykje kontakt med eksterne aktørar, og vi legg vekt på gode samarbeidsevner, sjølvstendig og systematisk arbeidsform og god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne. Vi ønskjer at du er initiativrik, engasjert og resultatorientert og vil bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr:
Vi kan tilby utfordrande, varierande og sjølvstendige arbeidsoppgåver innan grunnerverv med gode moglegheiter for fagleg utvikling. Fleksibel arbeidstid. Gode og engasjerte kollegar og godt arbeidsmiljø.

Ein god og mangfaldig arbeidsplass:
Statens vegvesen er ein arbeidsgjevar som er oppteken av tydlege og trygge rammer for våre medarbeidarar. Vi har eit regelverk som sikrar medarbeidarane sine rettar, og sjølv om det til tider er hektisk hos oss og arbeidsmengda kan vere stor, legg vi vekt på at ein har høve til fleksibel arbeidstid. Vi ønskjer at du skal kunne kombinere jobb og fritid på ein god måte.

Statens vegvesen er oppteken av mangfald, og vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte, til å søke jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal, geografisk eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar sjølvsagt arbeidsplassen om det er behov for det. Det vert gjort merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentlege sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjar varslast om dette.

Lønsvilkår:
Vi tilbyr løn etter nærare avtale i høve til etaten sin lønspolitikk. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.

Ta kontakt med seksjonsleiar om du har spørsmål:
Leif Lauvås, tlf. 51 91 14 70 / 416 01 287 - Stavanger

Er du interessert i stillinga ber vi deg sende søknad via vår jobbportal www.vegvesen.no/jobb

Vis flere stillinger: