Første salve på Råtunnelen i Bergen. (Foto: Geir Brekke/Statens vegvesen)

Første sprenging i Råtunnelen

Statens vegvesen og Implenia er no i gang med tunneldriving mellom rv. 580 Flyplassvegen og Nordås i Bergen.

Tunnelen er ein del av vegprosjektet E39 Svegatjørn–Rådal, som også gir ny motorveg vest for Lagunen for gjennomgangstrafikken mellom Bergen og flyplassen. Tunnelarbeidet tok til i den 1.950 meter lange Råtunnelen.

Råtunnelen og Søråstunnelen kjem ut jamsides på Flyplassvegen, Råtunnelen for trafikk mot Flyplassvegen og Søråstunnelen for trafikk i motsett retning, mot Nordås. Båe tunnelane skal drivast frå Flyplassvegen, for å unngå dei største hindringane for trafikken på Søndre innfartsåre i Bergen, melder vegvesen.no.

For å sikre trygg og effektiv massetransport frå tunnelarbeidet er det bygt ei mellombels rundkøyring ved byggeplassen på Flyplassvegen.