Teknisk saksbehandlar arbeidsvarsling

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedHaugesund
Søknadsfrist03.04.2016

I Statens vegvesen Region vest, er det ledig ein stilling som teknisk saksbehandlar innan arbeidsvarslingsplanar ved Plan- og Forvaltningsseksjonen i Haugesund. Plan- og forvaltningsseksjonen består i dag av 13 tilsette på kontorstad Haugesund. Seksjonen har ansvar for planlegging og saksbehandling i samsvar med veglov og plan- og bygningslov. Seksjonen arbeidar tett mot kommunar og fylkeskommune og representerer eit samansett fagmiljø med store muligheiter for fagleg utvikling. Statens vegvesen har stort fokus på planlegging for å sikre god og effektiv gjennomføring av prioriterte prosjekt på riks- og fylkesvegnettet. Plan og forvaltningsseksjonen har bl.a. ansvar for å behandla arealplanar og byggesaker som vert fremma av andre.

Arbeidsoppgåver

  • Behandling av arbeidsvarslingsplanar, oppfølging og kontroll
  • Delta på befaring, før og etter om søkt arbeid
  • Delta/bidra inn til intern arbeidsgruppe fagområder .

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år.
  • Omfattande relevant erfaring innafor dei aktuelle fagområda kan kompensera for manglande formell utdanning. Stillinga føreset at du har førarkort klasse B.
  • Norsk er arbeidsspråket i Statens vegvesen. Du må kunne ordleggje deg skriftleg og munnleg på norsk, slik at du kan utføra arbeidsoppgåvene sjølvstendig.

Det er vidare ynskjeleg at du har:

  • Erfaring med regelverk og forskrifter innan relevante fagfelt
  • Erfaring med bruk av elektronisk verktøy til oppfølging og rapportering
  • Erfaring frå saksbehandling
  • Gode kommunikasjonsevne
  • Evne til gode og rasjonelle vurderingar
  • Evne til strukturert og systematisk problemløysing
  • Omfattande og relevant erfaring innafor dei aktuelle fagområda kan kompensera for manglande formell utdanning. Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar. Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Søk på stillinga her

Kontaktpersonar:
Ivar Thorkildsen
tlf: +47 51911713
mob: +47 97676661


Vis flere stillinger: