Rådgivar HMS og Beredskap

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedHaugesund
Søknadsfrist30.03.2016

I Statens vegvesen Region vest er det ledig stilling som rådgivar innan HMS og beredskap knytt til vegavdeling Rogaland. Vi er på jakt etter ein person som skal vera ein pådrivar og ei hjelpande hand for alle i vegavdelinga innan desse faga. Arbeidsområdet vil vera heile Rogaland fylke. Vegavdelinga har i dag 110 tilsette som har oppgåver innan planlegging, forvaltning, utbygging, vedlikehald og drift av vegnettet på både på riks- og fylkesveg. Kontorstad for stillinga er Haugesund.

Aktuelle arbeidsoppgåver innan HMS:

  • Følgje opp at alle kontraktar blir registrerte i Elrapp før oppstart, og delta på oppstartsmøte for kontraktane.
  • Gje rettleiing og støtte på registrering og handsaming av uønska hendingar og månadsrapportering i Elrapp til byggherre og entreprenørar.
  • Ta ut rapportar og analyser frå Synergi, og gje tilbakemeldingar til byggherre og entreprenør.
  • Rapportere status og trendar, på alle nivå i vegavdelinga inkl analyser av hendingar t.d. oppfølging av K4 og K5 hendingar på vegne av avdelingsdirektør.
  • Opplæring og kurs
  • Bidra til kontroll av dokumentasjon på byggherre og entreprenør si oppfølging av HMS på prosjekt og kontraktar og støtte prosjektleiarane/HMS-koordinatorane i meir komplekse HMS-saker (for eksempel arbeidstidsordningar, skiftavtalar, oppfølging av utanlandsk arbeidskraft og liknande)

Aktuelle arbeidsoppgåver innan beredskap:

  • Delta i arbeid med risikoanalyser og SAMRos inkl plan for omkøyringsvegar på riks- og fylkesveg
  • Delta i vegavdelinga sitt krise- og beredskapsarbeid, med ansvar for oppgåver knytta til krisestaben, gjennomføring av beredskapsøvingar, handtering av beredskapssituasjonar
  • Intern opplæring i bruk av VegCim, implementering av planverk og prosessleiing

Kvalifikasjonskrav:

  • Min 3 års utdanning frå universitet/høgskule innan fagområda. For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og gode personlege føresetnader, kan kravet til utdanning fråvikast.
  • Kjennskap til korleis entreprisedrifta vår skal fungere mop. HMS
  • God IKT kunnskap er nødvendig, då Statens vegvesen nyttar ulike datasystem i oppfølginga av HMS og i beredskapsarbeidet
  • Førarkort for bil (kl.B)

Det er også ønskjeleg med:

  • Erfaring med opplæring og rådgjeving
  • Erfaring frå utvikling og implementering av planverk
  • Praktisk erfaring frå gjennomføring av beredskapsøvingar
  • Erfaring frå prosessleiing og teamarbeid
  • Operativ erfaring frå handtering av beredskapssituasjonar
  • Kjennskap til datasystema Synergi, Elrapp og Vegcim.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Vi legg vekt på om du har fylgjande personlege eigenskapar:

  • Glimt i auga, nysgjerrig, ein person som ønsker noko innan fagområda
  • Strukturert og systematisk
  • Løysingsorientert og samarbeidsvillig
  • Er betre til å snakke med mennesker enn til mennesker
  • Er aktivt med på å skapa eit godt arbeidsmiljø internt og med dei vi samarbeider med

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Søk på stillinga her

Kontaktpersonar:
Ann Mari Sandvin Hardeland
tlf: +47 51911541
mob: +47 48053369


Vis flere stillinger: