Prosjektleiar for Vossebanen og E16 Voss - Bergen

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist30.03.2016

Statens vegvesen har, saman med Jernbaneverket, ledig stilling som prosjektleiar knytta til fellesprosjektet Vossebanen og E16 på strekninga Voss til Bergen. I første omgang omfattar dette strekninga Stanghelle i Vaksdal kommune til Arna i Bergen kommune. Planprosessen vert starta i 2016 med etterfølgjande prosjektering og bygging. Kontorstad vil fortrinnsvis vere i Bergen.

Som prosjektleiar for dette prosjektet vil du vere med på gjennomføring av eit av dei store samferdselsprosjekta i landet frå planstadiet til og med bygging.

Arbeidsområde:

Som prosjektleiar vil du i første omgang få ansvar for framdrift av planprosjektet. Det er gjort vedtak om bruk av statleg plan på strekninga av Samferdselsdepartementet. Etterfølgjande fasar vil vere prosjektering og bygging. Du må ha tett og nær kontakt med Jernbaneverket i dette fellesprosjektet, samt rekne med mange avklaringar og samordningar med 3 kommunar, Hordaland fylke og Fylkesmannen i Hordaland. I tillegg til dei offentlege aktørane i form av kommunar, fylkeskommunar og statlege aktørar, må du rekne med tett samarbeid med eksterne brukarar av veg og jernbane.

Prosjektet frå Arna til Stanghelle er det første på strekninga Bergen – Voss og er eit av dei mest omfattande samferdselsprosjekt i landet. Samla strekning vil vere omlag 80 km med eit samla kostnadsoverslag på 33 milliardar kroner.

For å styre dette vil du måtte hente inn personell i ulike tidsfasar, både på det veg- og jernbanetekniske, samt byggje ein stab rundt deg for å støtte deg i gjennomføring av oppgåva.

Stillinga er utfordrande og stiller høge krav til deg både når det gjeld leiarkompetanse og til di evne til samarbeid med administrative og politiske organ. I tillegg vert det rekna med at prosjektet vil ha stor interesse både innanlands og utanlands.

Du vil organisatorisk bli lagt direkte under prosjektsjef i prosjektavdelinga i Statens vegvesen Region vest.

Kvalifikasjonar:

Utdanning frå universitets- eller høgskulenivå, minimum 5 år, samt god kompetanse innan prosjektleiing og relevante planfag, men dersom du ikkje fullt ut stettar utdanningskravet, kan allsidig praksis innan dei aktuelle områda, og elles gode personlege føresetnader for stillinga, kompensere for utdanningskravet.

Vi søkjer deg som er initiativrik og resultatorientert med erfaring frå leiing av plan- og byggjeprosessar. Evne til koordinering og styring på framdrift vil vere viktig. Du bør vere utadvent, konstruktiv, ha evne til samarbeid og god kommunikasjon, samt hente fram kunnskap i og utvikle medarbeidarane.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no). Stillinga krev at du er sikkerheitsklarert eller at du kan bli det.

Lønnsvilkår:

Løn etter avtale i samsvar med etatane sin lønspolitikk. Det vert trekt 2% av løna til Statens pensjonskasse. Overtid, tilgjengelegheit og ubekvem arbeidstid (presse, møte på kveldstid etc) vert kompensert med eit fast tillegg på kr 100 000,- pr år.

Statens vegvesen og Jernbaneverket skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Det vert gjort merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentlege sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjar varslast om dette.

Søk på stillinga her

Kontaktpersonar:
Kjartan Hove
tlf: +47 57655708
mob: +47 90110586


Vis flere stillinger: