Mattene skal sikre at vatn ikkje renn ut i tunnelen, men vert ført inn i dreneringssystemet. (Foto: Statens vegvesen)Hæhre i arbeid ved vestre enden av tunnelen. (Foto: Statens vegvesen)Klargjering til støyp av austre portal på Filefjelltunnelen i februar. (Foto: Statens vegvesen)Opplasting av pukk til tunnelen i Tyinkrysset. (Foto: Statens vegvesen)Eit stort arbeid er på gang i Filefjelltunnelen. Kontrollingeniør Gudmund Lunden inspiserer montering av PE-skum. Nærmare 100.000 kvadratmeter med slike matter skal opp i tunnelen. (Foto: Statens vegvesen)

Hæhre og Vegvesenet med omfattande arbeid i Filefjelltunnelen

Sjølv om det vart hol gjennom Filefjelltunnelen i haust, er det eit stort arbeid som gjenstår før tunnelen kan opnast om halvanna år.

 Eit langvarig etterarbeid starta i Filefjelltunnelen etter gjennomslaget 27. oktober, og det vil vare heilt fram til hausten 2017 då tunnelen kan opnast for trafikk.

Hæhre Entreprenør er no om lag ferdig med å reinske ut massar frå botn av den 5,8 km lange tunnelen, og dei er komne langt med å bygge opp ny vegbane. Legging av drensleidningar og trekkerøyr går også etter planen, og arbeidet med å vass- og frostsikre tunnelen er godt i gang, melder vegvesen.no.

Mykje vass- og frostsikring
- Totalt skal det monterast nesten 100 000 kvadratmeter PE-skumplater i to lag i tak og vegger av tunnelen. Dette for å lede bort lekkasjevatn frå fjellet og hindre at det frys til is på vegbana, seier Sverre Kjos-Wenjum, teknisk byggjeleiar i tunnelen.

Utanpå PE-skumplatene skal det monterast armeringsnett som skal dekkast med sprøytebetong for å brannsikre konstruksjonen. Dette er eit tidkrevjande arbeid som vil vare til ut på hausten 2016. Langs begge sidene av tunnelen skal det støypast kantstein og rekkverk, og deler av dette kan først skje etter at vass- og frostsikringa er ferdig.

Arbeid i rute
Før elektromonteringa i tunnelen kan starte skal det monterast 5 stk. betongbygg for elektroinstallasjonane, monterast kabelbru i taket i heile tunnelen og vegbana skal asfalterast.

- Etterarbeidet i tunnelen er i rute, og det er forventa at elektroarbeida vil starte opp i januar 2017, slik at det kan gjerast ferdig fram til opning hausten 2017 som planlagt, seier Kjos-Wenjum.

Austre portal på tunnelen vart støypt i slutten av februar, så no er begge portalane klare.

Aktiviteten ute
Når det gjeld arbeid på veg i dagsonene, har det vore redusert aktivitet gjennom vinteren. Sterk kulde, snø og vind har vore ein utfordring i perioder, men ikkje meir enn ein kunne vente. Aust for Grøna bru og mot Kyrkjestølen er det fjerna asfalt på gamal E16 og ny veg er bygd opp, heva i terrenget.

I frå Tyinkrysset og ned mot Varpe bru er det utført masseutskifting og klargjering av ny trasé, og det er lagt til rette for kommunalt vann- og avløpssysytem som er under utlegging.

Ut over våren vil aktiviteten i dagsonene gradvis auke på veganlegget.