Slik ser dei nye heishusa ut. Foto: Sigbjørn Spurkeland/ Husbanken

Vil ha heis i alle lågblokkene i bygda

I Sunndalsøra har dei allereie etterinstallert fem heisar, men Sunndal boligbyggelag og burettslaga i Sunndalsøra har ikkje sagt seg nøgd enno – det står att 41 heisar før dei har nådd målet sitt om heis i alle bygdas lågblokker.

Sunndalsøra ligg inst i Sunndalsfjorden i Møre og Romsdal og er ei industribygd med om lag 4.200 innbyggarar. Mange lågblokker utan heis vart bygd i smelteverkets storleikstid og engasjementet for å etterinstallere heis er difor stort.

- I første omgang installerte vi fem heisar, men no har vi funne moglege løysingar for alle dei 46 oppgangane. Målet er at vi skal få til heis i alle oppgangane, seier dagleg leiar i Sunndal boligbyggelag, Vidar Rudi til husbanken.no.

- Positivt heile vegen

Dei fem heisane som er etterinstallert betener 45 bustadar i det burettslaget der behovet var størst. Ennå ser ein «arra» i trappeoppgangen etter den no overflødige trappeheisen. Ein månad etter at trappeheisen vart fjerna og den nye heisen kom på plass er dei som bur der godt nøgd med den varige løysinga.
- Vi har hatt gode erfaringar med den nye heisen, det har vore positivt heile vegen, seier Vigdis Skjemling som bur i andre etasje. 

Den nye heisen er topp moderne og dimensjonert etter krava i dagens byggtekniske forskrift. 

- Eg har sjølv opplevd å bli bært ned trappene ut i ambulanse, då dei ikkje fekk båra opp trappene. Så eg er veldig glad for at vi har fått heis med plass til båre, fortel ho.

Statlege tilskot avgjerande

Dei fem første heisane har mottatt tilskot til etterinstallering av heis og grunnlån frå Husbanken, i tillegg til tilskot frå NAV for installering av heis i staden for trappeheis.

Gunstige statlege finansieringsordningar har vore heilt avgjerande for å få gjennomført heisprosjektet.

- Utan dei stønadsordningane som både Husbanken og NAV har hadde vi nok ikkje hatt moglegheit til å gjennomføre prosjektet, seier Rudi. - Det å få med seg en generalforsamling er allereie et utfordring, utan gode heistilskot hadde nok det blitt ei nærast umogleg øving. Tilskota var og er for oss avgjerande for å få dette til.

Alternativ til omsorgsbustader

Samtidig som potensialet for fleire tilgjengelege bustadar er stort, gjev også ein veksande del eldre i bygda eit stort behov for heis. 

- Mange av dei som bur i lågblokkene her inne har budd her sidan dei flytta hit på 60-talet, og gjennomsnittsalderen i lågblokkene over 67 år, fortel Nils Graskopf som jobbar med heisprosjektet og har budd i Sunndal i ein mannsalder.

Han meiner at å få inn heis i dei eksisterande lågblokkene er eit godt supplement til kommunens omsorgsbustader. - Med så mange lågblokker midt i sentrum i gangavstand til butikk, kulturhus og helsesenter er det vél så gode alternativ til omsorgsbustadane som ligg utanfor sentrum, konstaterer Graskopf.

Viktig å vise bebuarane nytteverdien av heis

Sjølv om erfaringane frå det første heisprosjektet i Sunndal var gode, har dei og møtt motstand.

- Etterinstallering av heis gir ei auke i månadleg fellesutgifter. I det første burettslaget var det snakk om 1100 kr i månaden. Dette er ofte det største hinderet for eit heisprosjekt, seier Rudi. For oss var det difor viktig å vise bebuarane at nytteverdien til heisen var større enn kostnaden med høgare fellesutgifter.
Det klarte dei med knappast mogleg fleirtal, med 26 – 13 i favør etterinstallering av heis og akkurat to tredjedels fleirtal.

Noregsrekord i saksbehandling

Eit viktig suksesskriterium for heisprosjektet i Sunndal har vore det gode samarbeidet med kommunen. Det tette samarbeidet med kommunen gjorde at prosjektet blei godkjent og gjennomført på rekordtid.

- Dei såg verdien av heisen og at kommunen får mykje igjen for heisane, fortel Markus Vikøren som har utarbeida dei tekniske løysingane i prosjektet. 

– Det var heilt sprøtt, eitt døger etter at søknaden var levert inn, var den godkjend. Noregsrekord i saksbehandling! slår Vikøren fast.

Plansjef i Sunndal kommune Gunnar Olav Furu seier at etterinstallering av heis er noko både politikarane og dei tilsette i kommunen ønsker velkomen. 

- Det har vore stor interesse frå politisk hald om dette, og både vi og politikarane er opptatt av at dette arbeidet fortset i år og i åra framover.
Så står det att å sjå om alle dei resterande burettslaga i Sunndalsøra, med kommune, bustadbyggelag og politikarar i ryggen, hiv seg på heissatsinga og sikrar at målet om 46 nye heisar vert nådd.