Det er den nye gang- og sykkelvegbrua ved Skeievatn og Fana golfklubb som skal støypast. Det betyr at Flyplassvegen blir stengt for all trafikk mellom Sandslikrysset og Rådalskrysset under støypinga. Dette gjeld også gang- og sykkeltrafikken.
Skyss legg om rutene for buss 53 og 54 og informerer passasjerane. Det same gjer Flybussen for trafikken laurdag kveld og søndag morgon. Busstoppa Rådal, Meyerskiftet og Håvardstun blir stengde i perioden.
Høgda for trafikk under brua blir 4,3 meter frå 5. mars kl. 18.00 og i ein periode på kring fire veker framover.
- Nøkkelord
- Statens vegvesen
- Anlegg