Illustrasjonsfoto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Ja til fire og nei til tre småkraftverk

Fire løyve og tre avslag til småkraftverk i Sogn og Fjordane.

NVE gjev løyve til Kråkeelvi kraftverk i Balestrand kommune, TVK kraftverk i Vik kommune, Dyrdalselva kraftverk i Høyanger kommune og Kvammadalselvi kraftverk i Aurland kommune.

Brekka kraftverk i Balestrand kommune, Skjerdal kraftverk i Aurland kommune og Tura kraftverk i Vik kommune får avslag.

- Dei fire kraftverka som har fått løyve, vil produsere om lag 51,7 GWh i eit middels år, noko som svarar til straumbruken til 2600 husstandar. Prosjekta som får avslag, kunne samla ha gjeve om lag 39,3 GWh, skriv NVE i ei pressemelding.