Tilretteleggar/hjelpemannskap grunnboring

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist13.03.2016

I Statens vegvesen Region vest er det ledig fast stilling som tilretteleggar/ hjelpemannskap for grunnboringsoppdrag. Kontorstad vil vere Stavanger, men arbeidsoppgåver i heile regionen må påreknast.

Stillinga er tilknytta Geo- og skredseksjonen på Ressursavdelinga. Seksjonen har i dag 29 medarbeidarar og driftar to grunnboringsriggar.

Geo- og skredseksjonen er ein fagseksjon som utfører oppgåver innan fagområda geoteknikk, geologi og grunnboring. Hovudoppgåvene er å delta i planlegging og prosjektering av veg, tunnel og rassikringsprosjekt i heile regionen.

Seksjonen har òg ansvaret for å planlegge og gjennomføre geotekniske grunnundersøkingar med eigne riggar, der tilretteleggar har ei sentral rolle i det arbeidet. Geo- og skredseksjonen er etaten sin fagressurs ved akutte skredhendingar på veg.

Arbeidsoppgåver

  • Delta i planlegging og klargjering av grunnboringsoppdrag
  • Innhente opplysningar om kabel og leidningsnett og delta ved påvisningar av desse
  • Utsetting av borpunkt i terreng
  • Tilrettelegge for grunnboringsrigg i felt
  • Hjelpemannskap på grunnboringsrigg når det er påkrevd

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning frå vidaregåande skule innan yrkesfagleg linje, maskin eller bygg- og anleggsfaget
  • Stillinga føreset at du har førarkort klasse B
  • Norsk er arbeidsspråket i Statens vegvesen. Du må kunne ordleggje deg skriftleg og munnleg på norsk, slik at du kan utføra arbeidsoppgåvene sjølvstendig

For søkjarar med fagbrev innan maskin eller bygg- og anleggsfaget, samt sterk og allsidig praksis frå det aktuelle fagområdet og gode personlige eigenskapar for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Vi legg vekt på

  • Erfaring frå bygg- og anlegg bransjen, gjerne innan grunnboringsarbeid
  • Løysingsorientert og gode samarbeidsevner
  • Evne til å ta ansvar og å arbeide sjølvstendig
  • Sørge for og bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Gode datakunnskapar
  • En fordel med førarkort klasse C og C1

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Søk på stillinga her

Kontaktpersonar:
Stein Olav Njøs
tlf: +47 57655896
mob: +47 95191855


Vis flere stillinger: