Seksjonsleiar Plan og forvaltning

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist06.03.2016

Vil du vere med å leie Statens vegvesen i Rogaland?

I Statens vegvesen Region vest er det ledig stilling som seksjonsleiar for plan og forvaltning i vegavdeling Rogaland, med kontorstad Stavanger.

Plan og forvaltningsseksjonen har ansvar for all kommunekontakt i plansaker. Seksjonen har også ansvar for forvaltning av ulike saksområde etter veglova og vegtrafikklova innan skilting, avkøyrsler, nabotilhøve, mm. Seksjonen har omlag 25 tilsette.

I dei kommande åra vil Stavangerregionen gjennomgå eit av dei største samferdselsløfta i nyare tid. Det vil investerast i så vel vegprosjekt som høgverdige kollektivløysningar og tiltak for gåande og syklande. Plan- og forvaltningsseksjonen har prosjekteigaransvaret for planlegging fram til reguleringsplan og har dermed et stort arbeid framfor seg. Eit eksempel er Bussveienprosjektet til nærare 8 milliardar kr, der planansvaret ligg til seksjonen.

Innhald i stillinga

Som seksjonsleiar vil du ha personalansvar for tilsette på seksjonen og resultatansvar innafor eit geografisk område som omfattar Rogaland fylke sør for Boknafjorden og Jøsenfjorden.

Det blir ditt ansvar å leie og tilretteleggje for eit godt og kreativt arbeidsmiljø for dine medarbeidarar. Du vil få det overordna ansvaret å planlegge, strukturere og prioritere arbeidet for seksjonens medarbeidarar.

Du vil som leiar delta aktivt i strategiarbeid og vere med å utvikle avdelinga. Sams vegadministrasjon inneber utstrakt kontakt med den administrative leiinga i fylkeskommunen. Du vil også delta i bypakkesamarbeidet, årlege kontaktmøter med alle kommunane i området og ein rekke andre samarbeidsfora.

Aktuelle oppgåver

  • legge strategiar, utvikle leiings- og styringssystem og utøve arbeidsgjevarrolla
  • personalansvar for tilsette innafor aktuell eining
  • overordna fagleg ansvar
  • resultatansvar og økonomiansvar for seksjonen sine ansvarsområde
  • delta i avdelingsdirektøren si leiargruppe
  • profilere og marknadsføre etaten utad

Kvalifikasjonskrav

Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år, innan relevant fagkrins. For kandidatar med spesielt sterk og allsidig praksis og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Dette ønskjer vi oss

Vi ser etter deg som har høgare utdanning og erfaring frå leiing.

Stillinga er utfordrande og stiller høge krav til strategisk tenking og leiarkompetanse. Du bør ha god kunnskap om administrative og politiske prosessar generelt og gjerne erfaring frå samfunns- og transportplanlegging spesielt.

Det er viktig at du er ein trygg leiar som har evne til å leie dyktige fagfolk på ein tydeleg måte, kan utvikle og inspirere og er ein god rollemodell for medarbeidarane. Du viser handlekraft gjennom fagleg styrke, er samfunnsengasjert og har omstillingsevne i forhold til organisasjon og samfunn.

Vi ønskjer at du skal finne balansen mellom operativt og strategisk arbeid, mellom fag og forvaltning og mellom arbeid og fritid både for medarbeidarane dine og deg sjølv.

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng leiarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi kan tilby

  • utfordrande oppgåver og moglegheit til å være del av eit spennande fagmiljø
  • løn etter nærare avtale, jamfør etatens lønspolitikk
  • engasjerande og samfunnskritiske arbeidsoppgåver
  • rom for etter- og vidareutdanning
  • fleksibel arbeidstid

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Stillinga føreset godkjend sikkerheitsklarering eller at slik kan gjevast, samt at du har førarkort klasse B.

Søk på stillinga her

Kontaktpersonar:
Astrid Eide
mob: +47 90131516


Vis flere stillinger: