Illustrasjonsfoto.

Går for hybrid- og heilelektrisk ferje på E39-samband

Statens vegvesen har torsdag tildelt Fjord1 løyve for ferjesambandet E39 Anda-Lote i Nordfjord. Kontrakten har en verdi på 826 millioner.

Konkurransen om ferjesambandet mellom Anda og Lote er den første ordinære konkurransen i Norge som har stilt krav til ferjer med null- og lågutslepp.

– Difor blir ei av ferjene heilelektrisk, og den andre hybrid, med blanding av elektrisk og biodiesel som energikilder. Ferjene blir bygt heilt nye til 2018, seier fagkoordinator for ferje i Statens vegvesen Region vest, Anders Sæternes i ei pressemelding.

Kontrakten gjeld for perioden 2018 til 2027, med høve til å forlenge kontrakten éitt år.

Statens vegvesen fekk inn tre tilbod, og valde Fjord1, som også i dag drifter sambandet.

– Vi er veldig godt nøgde, både med konkurransen og med tilboda, seier Sæternes.

Døgnope samband

Sæternes fortel at ferjene skal gå med 20 minutters frekvens frå klokka 06:40 til klokka 20:00. I vekedagane blir det 15 fleire turar i 2018, og på søndagar 18 fleire turar. Også om natta blir rutetilbodet betre.

– Dei reisande får eit vesentleg betre rutetilbod. Sambandet blir tilnærma døgnope, seier han.

Ferjene har plass til 110 såkalla personbileininger kvar.

AutoPASS

Billettsystemet i den nye kontrakten skal vere AutoPass. Det inneber ei omlegging av takstregulativet, som betyr at passasjerar reiser gratis, medan det blir litt dyrare for bilar. Reisande kan betale med AutoPASS-brikke, bankkort eller kontantar.

Fakta om ferjesambandet E39 Anda-Lote

  • ferjesamband på E39 i Nordfjord
  • bind saman kommunane Gloppen og Eid
  • første ordinære konkurranse i Norge med krav til ferjer med null- og lågutsleppløyve for kontraktsperioden 2018-2027 tildelt Fjord1 11. februar 2016
  • løyvet er eit formelt brev tildelt etter yrkestransportlova
  • Vegdirektoratet er løyvemyndigheit partane signerer kontrakt etter klagefrist på tre veker
  • Fjord 1 hadde det lågaste tilbodet (826 mill. kroner), dei andre to som la inn tilbod var Norled (1,12 milliardar kroner) og Boreal (1,4 milliardar kroner)