Planleggingsleiar for reguleringsplaner E16 Stanghelle - Arna

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist23.02.2016

Statens vegvesen har ledig stilling som planleggingsleiar for reguleringsplaner for E16 mellom Arna og Stanghelle. Regjeringa har bestemt at Statens vegvesen og Jernbaneverket skal planleggje ei felles infrastrukturløysning for denne strekninga.

Dette er eit felles planprosjekt for Statens vegvesen og Jernbaneverket, og som planleggingsleiar for dette prosjektet vil du vere med på utviklinga av eit av dei største samferdsleprosjekta i landet.

Arbeidsområde:
Det er lagt til grunn at prosjektet vert fremja som statleg reguleringsplan. Planarbeidet vil gje spesielle utfordringar i kontakten med kommunane i området, fylkeskommunen og andre partar, men også i forhold til statlege planstyresmakter. Planleggingsleiar får ansvaret for å involvere og ha god kommunikasjon med interne og eksterne samarbeidspartnarar.

Til stillinga ligg ansvaret for å koordinere planarbeidet, under dette innkjøp og styring av konsulentoppdrag. Det er mange og utfordrande fagområde innanfor veg- og tunnelplanlegging, arealplanlegging, stadutvikling, landskapsforming, kulturminne, geologi og geoteknikk m.m. som vert knytt til planarbeidet.

Stillinga som planleggingsleiar er knytt til planseksjonen på Ressursavdelinga og kontorstad er Bergen. Planleggingsleiar rapporterer til prosjektleiar for det felles prosjektet.

Når planarbeidet er avslutta vil din kompetanse bli nytta på andre oppdrag på planseksjonen. Dette vil og vere tilfelle om planarbeidet skulle stoppe opp eller bli utsett.

Stillinga er fast, men andre tilknytingsformer kan vere aktuelle. Stillinga er ledig for snarleg tilsetjing. Dersom det melder seg fleire kvalifiserte søkjarar, kan det bli aktuelt å tilsetje planleggingsleiarar på andre større planprosjekt i regionen.

Kvalifikasjonskrav:

  • minimum 4-årig utdanning frå høgskule eller universitet på sivilingeniør- eller masternivå
  • minimum 10 års relevant erfaring erfaring med veg- og tunnelplanlegging
  • erfaring med å leie store og komplekse planprosjekt erfaring med planlegging etter PBL

For kandidatar med omfattande relevant erfaring, og som er spesielt godt eigna for denne jobben, kan ein fråvike kvalifikasjonskravet

Det er vidare ønskjeleg at du har:

  • gode evner til samarbeid, gode evner til sjølvstendig arbeid og er resultatorientert
  • gode kreative og konstruktive evner
  • gode evner til å sjå større samanheng mellom det aktuelle prosjektet og samfunnet og omgjevnadane og kan sjå verknader av ulike tiltak og løysingar m.m.
  • evner til å bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og våre tilsette skal spegle samfunnet. Vi vil tilpasse arbeidshøva dersom du har behov for det.

Søk på stillinga her

Kontaktpersonar:
Kjell Kvåle
tlf: +47 95259789

Wilhelm Lund
tlf: +47 91623608

Vis flere stillinger: