Bygging av støyskjerm pågår langs en ny anleggsveg ved Hamrevegen i Fana. (Foto: Geir Brekke)

Bygger 400 meter støyskjerm

Entreprenøren er i gang med bygging av 400 meter støyskjerm på det som skal bli anleggsvegen langs Hamrevegen i Bergen.

Anleggsvegen skal nyttast til massetransport av tunnelstein frå Lyshorntunnelen på E39 Svegatjørn-Rådal. Tunnelarbeidet skal drivast både i retning Rådal og i retning Endalausmarka i Os kommune via eit tunnel-tverrslag tett ved Hamrevegen, melder vegvesen.no.

For å minske ulempene for busetnaden i nabolaget i Titlestad-området, blir det bygt støyskjerm på toppen av betong-rekkverket langs anleggsvegen. Denne går parallelt med Hamrevegen langs Klokkarvatnet, aust for Fana kyrkje.

Når vegprosjektet er ferdig i 2022 vil anleggsvegen bli ombygt til ny gang- og sykkelveg langs Hamrevegen. Men når anleggstrafikken frå tverrslagstunnelen er avslutta vil det ikkje vere behov for støyskjermen her lenger.