Firma | Statens vegvesen Region vest |
Fylke | Sogn og Fjordane |
Sted | Leikanger |
Søknadsfrist | 24.01.2016 |
Vi søkjer prosjektleiar for bru- og kaivedlikehald i Sogn og Fjordane
I Statens vegvesen Region vest er det ledig stilling som prosjektleiar ved vegseksjon Sogn i vegavdeling Sogn og Fjordane. Stillinga har kontorstad i Leikanger, og inngår i den regionale byggherrepoolen. Vegseksjonen har byggherreansvar for drift/vedlikehald og investeringsprosjekt på riks- og fylkesvegar i Sogn innanfor rammer gitt av regionen. I tillegg utfører seksjonen diverse forvaltningsoppgåver knytt opp mot drifta av vegnettet.
Den som vert tilsett i prosjektleiarstillinga, får ansvaret for bru- og kaivedlikehald i Sogn og Fjordane. Vi ønskjer søkjarar med kompetanse/erfaring frå prosjektleiing og kjennskap til ordinær drift av vegnettet. Arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande innan eit sterkt fagmiljø.
Arbeidsoppgåver
Vi søkjer ein prosjektleiar som forstår mekanismane og kan løyse utfordringane i eit variert driftsansvar. Du får det tekniske og økonomiske hovudansvaret for gjennomføringa av bru og kaivedlikehald. God prosjektleiing av eksisterande og nye kontraktar er ein føresetnad, men det er også viktig at du kan handtere både grunneigarar, konsulentar og entreprenørar på ein god måte.
Du skal
- gjennomføre prosjekta etter bestilling frå prosjekteigar
- følgje opp kontraktane
- ha ansvar for oppfølging av HMS, kvalitet, økonomi og framdrift
- ha kontakt mot grunneigarar
- ha kontakt med og følgje opp entreprenørar og andre leverandørar
- ha kontakt med pressa
Kvalifikasjonar og bakgrunn
Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år med relevant fagkrins. For søkjarar med 2 årig teknisk fagskule samt sterk og allsidig praksis frå det aktuelle fagområdet, etterutdanning og gode personlege eigenskapar for stillinga kan kravet til utdanning fråvikast. Søkjarar må ha minimum førarkort kl.B.
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).
Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.
Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.
Vi tilbyr òg desse goda:
- introduksjonsprogram og fadderordning
- fleksitid og gode ordningar for avspasering
- pensjonsordning og høve til å f6å lån i Statens pensjonskasse
- etatsskular og høve til fagleg påfyll
Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.
Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.
Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.
Kontaktpersonar:
Eivind Yttri
tlf: +47 57655799
mob: +47 90830854
Vis flere stillinger:
- Alle
- Søk etter Statens vegvesen Region vest, Leikanger
- Fylke Sogn og Fjordane