Teknisk sakshandsamar innan følgetransport og vegforvaltning

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7300 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist17.01.2016

I Statens vegvesen Region vest, er det ledig ei stilling som teknisk saksbehandlar innafor følgjetransport og vegforvaltning på Vegseksjon drift og vedlikehald Stavanger.

Stillinga inngår i byggherrepoolen i regionen, men vil for tida vere knytt til vegseksjonen i Stavanger. Seksjonen jobbar i hovudsak med drift/ vedlikehald av vegnettet, men har også ansvar og arbeidsoppgåver innafor forvaltning av vegnettet. Seksjonen er organisert med totalt 30 årsverk.

Arbeidsoppgåver

  • Organisera og gjennomføra følgjetransport for spesialtransport
  • Behandling av graveløyver følgje opp forvaltningsvedtak
  • Delta på befaring, før og etter omsøkt arbeid
  • Være oppdatert på veglister i forhold til vekt, lengde og bredder

Kvalifikasjonskrav

  • Du har minimum 3 års utdanning frå universitet eller høgskule.
  • Det er vidare ynskjeleg at du har:
  • Erfaring med regelverk og forskrifter innan relevante fagfelt, som til dømes arbeidsvarslingsplanar og graveløyve
  • Erfaring med bruk av elektronisk verktøy til oppfølging og rapportering
  • Erfaring frå saksbehandling
  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til gode og rasjonelle vurderingar
  • Evne til strukturert og systematisk problemløysing
  • Stillinga føreset at du har førarkort klasse B.

Norsk er arbeidsspråket i Statens vegvesen. Du må kunne ordleggje deg skriftleg og munnleg på norsk, slik at du kan utføra arbeidsoppgåvene sjølvstendig.

Omfattande og relevant erfaring innafor dei aktuelle fagområda kan kompensera for manglande formell utdanning.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Søk på stillinga her

Kontaktpersonar:
Eivind Stangeland
tlf: +47 51 91 14 16
mob: +47 918 89 146

Vis flere stillinger: