Pengar til skule og veg i Møre og Romsdal

Det skal satsast på skule og veg. I dag presenterte Møre og Romsdal fylke økonomiplanen for dei neste tre åra, melder NRK.

Til saman skal det investerast for ein milliard kroner på skule og samferdsel fram mot 2009. Administrasjonsdirektør Turid Reiten Huse meiner det er mange vinnarar i økonomiplanen. Ho seier dei har hatt eit stort etterslep på skulesektoren, og det er eit stort behov for oppussing. -Det er difor veldig gledeleg at det no ser ut til at vi langt på veg kan få oppfylle det ønsket. Ho seier dei og vil prioritere grusvegar, og få flest mogleg vegar med fast dekke.