Byggeleiarar Vegseksjonen Investering

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7300 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist03.01.2016

I Statens vegvesen Region vest er det ledige 2 - 5 stillingar som byggjeleiar ved avdeling Rogaland, Vegseksjon Stavanger - Investering. 1 stilling vil ha kontorstad Eigersund, dei andre stillingane vil ha kontorstad i Stavanger. Seksjonen er i dag organisert med 22 årsverk, og har ansvar for små og store investeringsprosjekt i heile Sør-Rogaland og delar av Ryfylke.

Større investeringsprosjekt som byggas nå, og skal byggjast seinare, er blant anna vidare kollektivutbygging langs fv44 mellom Stavanger og Sandnes, og langs rv.509 frå Revheim mot Hafrsfjord/ Tananger, rv.509 Sømmevågen, E39 Sandve-Hove (4-felt) og rv505 Skjæveland-Foss Eikeland. I tillegg er det stort fokus på bygging av gang- og sykkelvegar og trafikksikkerheitstiltak.

Byggeleiar stillingane inngår i byggherrepoolen i Region vest, men vil f.t. vere knytt til vegseksjon Stavanger Investering, avdeling Rogaland.

Arbeidsoppgåver

  • Ta del i prosjektarbeid og utarbeiding av byggetekniske planar
  • Ansvar for utarbeiding av tilbodsdokument åleine eller i samarbeid med andre
  • Leia den kvalitetsmessige, kontrakts-/ avtalemessige, økonomiske og tekniske kontroll av entreprenørens arbeid
  • Rapportera om kvalitet, framdrift og økonomi til prosjektleiar
  • Ansvar for byggemøte og referat
  • Ansvar for den daglege kontakt med alle offentlege etatar, grunneigarar og andre som blir råka av anleggsarbeida
  • Bidra til å nå etaten sine mål innan HMS/ HMS-koordinator i byggefasen
  • Noko reiseverksemd, samt kvelds- og nattarbeid i periodar, må påreknast.

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år og med relevant fagkrins
  • Stillingane set krav til mobilitet, og vi krev førarkort for bil (klasse B)
  • Den som blir tilsett må kunne beherske norsk målføre, skriftleg og munnleg
  • Omfattande og relevant erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Vi vektlegg

  • Evne til å kunne ta initiativ og jobbe sjølvstendig
  • Erfaring frå liknande arbeidsoppgåver og kjennskap til kontraktarbeid
  • Ryddig, strukturert og med god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Evne til å analysere og dra gode vurderingar
  • Gode samarbeidsevne

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Søk her

Vis flere stillinger: