Er du den nye kollegaen vår?

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7300 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeSogn og Fjordane
StedLeikanger
Søknadsfrist02.01.2016

I Statens vegvesen Region vest er det ledig ei fast stilling ved vegavdeling Sogn og Fjordane med kontorstad på Leikanger.

Vegavdelinga har ansvar for forvaltning, drift, vedlikehald og planlegging og bygging av ulike tiltak på riks- og fylkesvegane i Sogn og Fjordane.

Stillinga vil inngå i staben til avdelingsdirektøren som utgjer 5 tilsette og oppgåvene vil tilpassast slik at kompetansen i staben vert brukt på beste måte.

Aktuelle arbeidsoppgåver:

  • Vere administrativt bindeledd mellom Fylkeskommunen og Statens vegvesen
  • Førebu saker som skal handsamast i fylkeskommunale organ
  • Utarbeide fylkesvegplan og samordne avdelinga sitt arbeid på dette området
  • Delta i arbeidet med grunnlag for årleg budsjett, økonomiplan og leveranseavtale med fylkeskommunen samt rapportering.
  • Koordinere avdelinga sitt arbeid med Nasjonal Transportplan
  • Vere miljøkontakt for vegavdelinga
  • Bidra i beredskapsarbeidet til vegavdelinga

Kvalifikasjonskrav:

  • Utdanning frå universitet eller høgskule, min. 3 år. For kandidatar med spesielt sterk og allsidig praksis og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast. Søkar må kunne beherska norsk skriftleg og munnleg.
  • Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Vi vil og legge vekt på at du har:

  • Samfunnsinteresse og engasjement
  • Evne til samarbeid og gode kommunikasjonsevner
  • Omstillingsevne i forhold til organisasjon og samfunn
  • Erfaring med leiing, utvikling og oppfølging av styringssystem

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og gode høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Søk på jobben her

Kontaktpersonar:
Svenn Finden
mob: +47 95148614