Elektroingeniør, Bergen/Leikanger

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeFlere fylker
StedBergen / Leikanger
Søknadsfrist23.11.2015

Prosjekteringsseksjonen er ein del av Ressursavdelinga i Statens vegvesen Region vest, og har som hovudoppgåver å utarbeide byggeplanar og konkurransegrunnlag for vegar, gatar og tunnelar ved eigenprosjektering eller bruk av konsulentar.

Vi ynskjer å styrka vår kompetanse innan planlegging og prosjektering av elektrotekniske anlegg og søkjer ein ny medarbeidarar til vårt kontor i Bergen og ein til vårt kontor i Leikanger.

Arbeidsoppgåver:

Som elektroingeniør vil di hovudoppgåve vere å planleggje og prosjektere t.d veglysanlegg, belyste skiltanlegg, tunnel og bruinnstallasjonar med tilhøyrande elektriske sterkstraums og nødstraumsløysingar.

Du vil også få ansvar for å utarbeide konkurransegrunnlag innanfor ditt fagområde. Dette inneber utarbeiding av teikningsgrunnlag og skildrande tekst for innhenting av tilbod frå entreprenørar.

Kvalifikasjonskrav:

Utdanning frå universitet-/høgskule, min. 3 år, med relevant linje og fagkombinasjon, t.d elkraftteknikk, elektro el. lign. For elektroinnstallatørar gr. L med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og med gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi fråvike kravet til utdanning.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Aktuelle søkjarar har min. 5 års praksis frå tilsvarande oppgåver innan fagområdet og spesielt innan planlegging og prosjektering av sterkstrømsanlegg. Det er naudsynt med førarkort kl. B.

Då stillinga inneber stor grad av utarbeiding av skriftlege rapportar og dokumentasjon, samt mykje intern/ekstern kontakt, set vi krav til gode kommunikasjonsevner både skriftleg og munnleg. Du vil ha eit tverrfagleg samarbeid og yte fagleg bistand internt mot andre einingar, samt ha god kontakt med våre leverandørar.

Du må ha gode brukarkunnskapar i programvaren FEBDOK og DAK, samt vere kjent med RELUX.

Vi ser etter deg som har eit stort fagleg engasjement og som set kunnkapsdeling høgt. Då vi i stor grad arbeider oppdragsbasert er det særs viktig med gode gjennomføring og leveranseevner, samt evne til å organisere dine oppgåver på ein sjølvstendig og strukturert måte.

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og våre tilsette skal spegle samfunnet. Vi vil tilpasse arbeidshøva dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Søk her

Kontaktpersonar:
Tom Hellebø
tlf: +47 57655827
mob: +47 90059076

Torill Felde
tlf: +47 57655943
mob: +47 97140861