Firma | Statens vegvesen Region vest |
Fylke | Flere fylker |
Sted | Bergen, Stavanger eller Leikanger |
Søknadsfrist | 22.11.2015 |
Byggherreseksjonen på Veg- og transportavdelinga søkjer etter ein ny medarbeidar til arbeidsoppgåver i hovudsak knytte til rådgjeving mot våre vegavdelingar innafor området drift og vedlikehald.
Aktuelle oppgåver:
- Yte bistand til vegavdelingane og til fagspesialistar på Byggherreseksjonen i samband med utarbeiding av konkurransegrunnlag for driftskontraktar.
- Regional kontaktperson for vinterdriftssaker
- Regional kontaktperson for skredsaker
- Ansvar for planlegging og avvikling av dei årlege skredkursa i regionen.
- Leiar av arbeidsgruppa for vegoppmerking i Region vest
Byggherreseksjonen ønskjer å etablere eit leverandør-revisjonsprogram for regionen sine driftsentreprenørar. For kandidatar med interesse for og vilje til å ta dei naudsynte kurs for å kunne fylle ein slik revisjonsfunksjon kan det vere aktuelt å leggje slike arbeidsoppgåver til denne stillinga.
Andre oppgåver kan òg vere aktuelle, avhengig av søkjar sine kvalifikasjonar og regionen sine behov. Kontorstad vil vere primært Leikanger, Bergen eller Stavanger, men andre kontorstader kan også vere aktuelle.
Kvalifikasjonskrav:
Utdanning frå universitet/høgskole, min. 3 år. (Veg)teknisk bakgrunn, og erfaring frå operativ vegdrift på kontroll-/byggjeleiarnivå er ønskjeleg. For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, eventuell etterutdanning og med gode personlege føresetnader for stillinga kan kravet til utdanning fråvikast.
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, krev vi at den er/vert godkjend av NOKUT.
Stillinga krev:
- gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg
- gode evner til samarbeid og nettverksbygging
- gjennomføringskraft sjølvstendigheit evne til å prioritere
Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt.
Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.
Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.
Vi tilbyr òg desse goda:
- introduksjonsprogram og fadderordning
- fleksitid og gode ordningar for avspasering pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
- etatsskolar og høve til fagleg påfyll
Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.
Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og våre tilsette skal spegle samfunnet. Vi vil tilpasse arbeidshøva dersom du har behov for det.
Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.
Kontaktpersonar:
Anders Sæternes
tlf: +47 97587950
Vis flere stillinger: