Vegplanlegger

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist22.11.2015

Vil DU vere med og utvikle samferdselsnettet i regionen?

I Rogaland er det ein stor auke i samferdselsprosjekt, blant anna Sykkelstamveien, Bussveien, Bypakke Nord-Jæren og Haugalandspakken. Statens vegvesen har ansvar for planlegging og prosjektering av desse prosjekta, og treng dyktige fagfolk for å møte den aukande arbeidsmengda.

Vi søkjer etter erfaren vegplanlegger med erfaring innan vegprosjektering og/eller vegplanlegging.

Arbeidet vil i hovudsak vere knytt til prosjekt på riks- og fylkesvegnettet som er omtalt i Nasjonal Transportplan eller Handlingsprogram for fylkesvegar i Rogaland. Stillinga vil vere knytt til Planseksjonen på Ressursavdelinga med kontorstad Stavanger. Planseksjonen i Stavanger har i dag ca 50 tilsette, med kompetanse innan vegplanlegging, prosjektledelse, arealplanlegging, arkitektur, landskapsarkitektur, miljø, natur, arkeologi m.m.

Vegplanlegger vil ha ansvar for ein eller fleire av følgande arbeidsoppgåver:

  • vegprosjektering

- detalj prosjektering (byggeplanar)
- konkurransegrunnlag/anbodsdokument
- oppfølging i byggefasen

  • vegplanlegging reguleringsplanar/kommunedelplanar
  • teknisk gjennomsyn av eksterne og interne planar
  • vegfagleg rådgiving
  • TS-revisjonar
  • arbeid med fagleg kvalitetssikring

Kvalifikasjonskrav:

  • eksamen frå universitet eller høgskule, minimum 3 år, innan vegplanlegging eller tilsvarande
  • minimum 5 års relevant erfaring
  • erfaring med vegplanlegging

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, og med gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi fråvike kravet til utdanning.

Det er vidare ønskjeleg at du har:

  • erfaring i bruk av dataverktøy i planlegginga (AutoCAD, NovaPOINT, GisLine, ArcGis, m.fl.)
  • gode evner til samarbeid og er resultatorientert gjennomføringsevne
  • evne til å tenkje nytt og ha eit heilskapleg perspektiv
  • evne til å utvikle eige fagområde

Vi kan m.a. tilby:

  • eit breitt og solid fagleg miljø ein arbeidsplass med stor takhøgde, fagleg fokus, spennande arbeidsoppgåver og gode tilbod for personleg og fagleg utvikling
  • gunstige pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • triveleg arbeidsmiljø med gode velferdsordningar
  • løn i samsvar med etaten sin lønspolitikk, det vert trekt 2 % til pensjonsordninga i Statens pensjonskasse
  • rimeleg leige av etaten sine bedriftshytter
  • fleksitid

Ein god og mangfaldig arbeidsplass

Statens vegvesen er ein arbeidsgjevar som er oppteken av tydlege og trygge rammer for våre medarbeidarar.
Vi har eit regelverk som sikrar medarbeidarane sine rettar.
Sjølv om det til tider er hektisk hos oss og arbeidsmengda kan vere stor, legg vi vekt på at ein har høve til fleksibel arbeidstid. Vi ønskjer at du skal kunne kombinere jobb og fritid på ein god måte.

Søknad Statens vegvesen er oppteken av mangfald, og vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte, til å søke jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal, geografisk eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar sjølvsagt arbeidsplassen om det er behov for det. Det vert gjort merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentlege sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjar varslast om dette.
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, krev vi at den vert godkjend av NOKUT ( www.nokut.no)

SØK HER

Kontaktpersonar:
Franka Häussler
tlf: +47 51911481
mob: +47 90518298

Linda Karlsen Longfjeld
tlf: +47 51911403
mob: +47 92240413



Vis flere stillinger: