Prosjekteringsleiar

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist22.11.2015

Vil DU vera med og utvikla samferdselsnettet i regionen?

I Rogaland er det ein stor auke i samferdselsprosjekt, blant anna ved Sykkelstamveien, Bussveien, Bypakke Nord-Jæren og Haugalandspakken. Statens vegvesen har ansvar for planlegging og prosjektering av desse prosjekta, og treng dyktige fagfolk for å møte den auka arbeidsmengda. Vi søkjer etter erfaren prosjekteringsleiar som kan leie og koordinere arbeidet med byggjeplanar.Prosjekteringsleiaren vil i hovudsak få ansvar for prosjekt på riks- og fylkesvegnettet som er omtala i Nasjonal Transportplan eller Handlingsprogram for fylkesvegar i Rogaland. Stillinga vil vere knytt til Planseksjonen på Ressursavdelinga med kontorstad Stavanger. Planseksjonen i Stavanger har i dag om lag 50 tilsette, med kompetanse innan vegplanlegging, prosjektleiing, arealplanlegging, arkitektur, landskapsarkitektur, miljø, arkeologi m.m.

Arbeidsoppgåver:

Prosjekteringsleiar har ansvar for å koordinere arbeidet med byggjeplanar og konkurransegrunnlag med spesiell fokus på:

  • veg- og gateprosjektering
  • konkurransegrunnlag/anbodsdokument
  • leiing og koordinering av fagområde i prosjekteringsarbeidet
  • anskaffing og styring av konsulentoppdrag ved behov
  • involvering og god kommunikasjon med interne og eksterne samarbeidspartar
  • oppfølging i byggefasen
  • bidrag til utvikling av prosjekteringsmiljøet

Kvalifikasjonskrav:

  • utdanning frå høgskule eller universitet på ingeniør- eller bachelornivå, min. 3 år.
  • minimum 5 års relevant erfaring
  • erfaring med veg prosjektering
  • erfaring med å leie prosjekteringsoppgåver

For kandidatar med omfattande relevant erfaring, og som er spesielt godt eigna for stillinga, kan ein fråvike kvalifikasjonskravet.

Det er vidare ønskjeleg at du har:

  • evne til å styre, koordinere og samordne oppgåver
  • vilje til å gjennomføre oppgåver
  • gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg
  • erfaring med planlegging etter plan og bygningslova
  • evne til å tenkje nytt og ha eit heilskapleg perspektiv

Vi kan m.a. tilby:

  • eit breitt og solid fagleg miljø
  • ein arbeidsplass med stor takhøgd, fagleg fokus, spennande arbeidsoppgåver og gode tilbod for personleg- og fagleg utvikling
  • gunstige pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • triveleg arbeidsmiljø med gode velferdsordningar
  • løn i samsvar med etaten sin lønspolitikk, det vert trekt 2 % til pensjonsordninga i Statens pensjonskasse
  • rimeleg leige av etaten sine bedriftshytter
  • fleksitid

Ein god og mangfaldig arbeidsplass

Statens vegvesen er ein arbeidsgjevar som er oppteken av tydlege og trygge rammer for våre medarbeidarar. Vi har eit regelverk som sikrar medarbeidarane sine rettar. Sjølv om det til tider er hektisk hos oss og arbeidsmengda kan vere stor, legg vi vekt på at ein har høve til fleksibel arbeidstid. Vi ønskjer at du skal kunne kombinere jobb og fritid på ein god måte.

Søknad
Statens vegvesen er oppteken av mangfald, og vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte, til å søke jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal, geografisk eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar sjølvsagt arbeidsplassen om det er behov for det.

Det vert gjort merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentlege sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjar varslast om dette.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, krev vi at den vert godkjend av NOKUT ( www.nokut.no)

SØK HER

Kontaktpersonar:
Franka Häussler
tlf: +47 51911481
mob: +47 90518298

Linda Karlsen Longfjeld
tlf: +47 51911403
mob: +47 92240413



Vis flere stillinger: