I Statens vegvesen Region vest er det ledig stilling som prosjektleiar ved vegseksjon Sogn i avdeling Sogn og Fjordane med kontorstad i Leikanger. Vegseksjon Sogn har byggherreansvar for drift/vedlikehald og investeringsprosjekt på riks- og fylkesvegar i Sogn innanfor rammer gitt av regionen. Utover det utfører seksjonen diverse forvaltningsoppgåver knytt opp mot drifta av vegnettet.
Den som vert tilsett, får ansvar for prosjektering og gjennomføring av investerings- og vedlikehaldstiltak i Sogn. Vi ønskjer søkjarar med kompetanse/erfaring frå prosjektleiing og kjennskap til kontraktsoppfølging.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande innan eit sterkt fagmiljø. Du får det tekniske og økonomiske hovudansvaret for gjennomføringa av investerings- og vedlikehaldstiltak. God prosjektleiing er ein føresetnad, men det er viktig at du kan handtere både grunneigarar, konsulentar og entreprenørar på ein god måte.
Du skal
- gjennomføre prosjekta etter bestilling frå prosjekteigar
- ha ansvar for oppfølging av HMS, kvalitet, økonomi og framdrift
- ha kontakt mot grunneigarar
- ha kontakt med og følgje opp entreprenørar og andre leverandørar
- ha kontakt med pressa
Stillinga inngår i den regionale byggherrepoolen.
Kvalifikasjonar og bakgrunn
Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år med relevant fagkrins. For søkjarar med 2 årig teknisk fagskule samt sterk og allsidig praksis frå det aktuelle fagområdet, eller etterutdanning og gode personlege eigenskapar for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast. Søkjarar må ha minimum førarkort kl.B.
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).
Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.
Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.
Vi tilbyr òg desse goda:
- introduksjonsprogram og fadderordning
- fleksitid og gode ordningar for avspasering
- pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
- etatsskular og høve til fagleg påfyll
Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.
Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.
Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.
Dersom du er interessert, søkjer du via www.vegvesen.no/jobb.
Spørsmål om stillinga?
Eivind Yttri
Telefon
57 65 57 99