Kraftmagasina renn over

Kraftmagasina i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland er no så fulle av vatn at dei er i ferd med å renne over, skriver NRK Møre og Romsdal.

Mange av magasina er så fulle at dei no går på overløp, seier regionsjef i NVE, Gunnstein Brakestad. Det er dei store nedbørsmengdene i det siste som har ført til ein kraftig auke i fyllinga av kraftmagasina. Seniorrådgjevar i NVE, Tor Arnt Johnsen, seier det er fem år sidan det var så mykje vatn i magasina. Kraftprisane på spotmarknaden er lave akkurat no når tilbodet er stort, men at vi ikkje kan rekne med lave straumprisar på lang sikt, seier han.