Firma | Statens vegvesen Region vest |
Fylke | Rogaland |
Sted | Stavanger |
Søknadsfrist | 22.11.2015 |
I Statens vegvesen Region vest er det ledige ein til to stillingar som byggjeleiarar ved avdeling Rogaland, Vegseksjon Stavanger - drift/vedlikehald. Seksjonen har ansvaret for drift- og vedlikehald på riks- og fylkesvegar i Sør- Rogaland innafor rammer gitt av regionen og fylket. Utover dette har seksjonen også ansvaret for fleire typar forvaltningsoppgåver knytt opp mot drifta av vegnettet. Begge stillingane vil ha kontorstad Stavanger. Seksjonen er i dag organisert med ca 30 årsverk.
Dei ledige stillingane er i hovudsak innafor fagområdet ordinær vegdrift og vegvedlikehald, men vil også vere aktuelt å utføre mindre investeringstiltak og trafikktryggleikstiltak. Vi ynskjer søkjarar med kompetanse/erfaring frå drift og vedlikehald av offentleg veg, men også søkjarar med anna relevant erfaring vil bli vurdert. Arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande innan eit sterkt fagmiljø. Stillingane er knytt til byggherrepoolen.
Arbeidsoppgåver:
- Ansvar for oppfølging, styring og rapportering av HMS, kvalitet, økonomi og framdrift
- Oppfølging knytt til drift og vedlikehaldsprosjekt samt mindre investeringsprosjekt
- HMS- koordinator for eigne prosjekt
- Ansvar for byggjemøte
- Kontakt mot kommunar og grunneigarar
- Diverse sakshandsaming
- Utarbeide konkurransegrunnlag for kontraktar
- Også andre arbeidsoppgåver innanfor byggjeleiing og sakshandsaming må kunne påreknast. Noko reiseverksemd, samt kvelds- og nattarbeid i periodar, må påreknast.
Kvalifikasjonskrav:
- Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år og med relevant fagkrins. For søkjarar med omfattande og relevant erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensera for manglande formell utdanning
- Stillingane set krav til mobilitet, og vi krev førarkort for bil (klasse B).
- Den som blir tilsett må kunne beherske norsk målføre, skriftleg og munnleg
Vi legg vekt på:
- Kunnskap om regelverk og forskrifter innan relevante fagfelt
- Erfaring frå liknande arbeid/ bransjeerfaring
- Evne til å jobbe sjølvstendig og yte til eit godt arbeidsmiljø både internt og i forhold til entreprenørane
- Fleksibilitet til arbeidsoppgåver
- Evne til å jobbe målretta og strukturert
- God munnleg og skriftleg uttrykksform
Lønns- og arbeidsvilkår:
Vi tilbyr løn i høve til etaten sin lønnspolitikk. Det vert trekt 2 % til Statens pensjonskasse.
Vi tilbyr gode velferdsordningar og muligheiter for kompetanseutvikling. Nærare opplysningar om stillingane kan ein få ved å kontakta seksjonsleiar Eivind Stangeland tlf. 51911416/mobilnr 91889149.
Søknad:
Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.
Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.
Vis flere stillinger:
- Alle
- Søk etter Statens vegvesen Region vest, Stavanger
- Fylke Rogaland