Byggeleiar for driftskontrakt Ytre Sunnfjord

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeSogn og Fjordane
StedFørde eller Nordfjordeid
Søknadsfrist25.11.2015

I Statens vegvesen Region vest, vegavdeling Sogn og Fjordane, har vi ledig stilling som byggeleiar for driftskontrakt Ytre Sunnfjord. Driftskontrakten har 440 km veg og omfattar riks- og fylkesvegar i kommunane Bremanger, Flora og deler av Naustdal og Gloppen. Stillinga er knytt til byggherrepoolen i Region vest, for tida med kontorstad Førde eller Nordfjordeid.

Byggeleiaren har hovedansvaret for å leie gjennomføringa av kontrakten mot entreprenør og skal følgje opp kvalitet, framdrift, økonomi og HMS.

Kvalifikasjonskrav: Utdanning frå universitet eller høgskule, med kompetanse innan bygg- og anleggstekniske fag eller tilsvarande. For kandidater med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Førarkort for bil (klasse B) er eit vilkår.

Ein må pårekne å inngå i vaktordning i byggherreberedskapen.

Vi ser etter ein person med relevant erfaring frå bransjen. Du må ha gode samarbeidsevner, vere fleksibel og ha evne til å takle hektiske arbeidsdagar. Vi legg vekt på god skriftleg og munnleg framstillingsevne.

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar. Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og gode høve for fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Kontaktpersonar: Meir utfyllande opplysningar om stillinga og arbeidsoppgåvene kan du få hjå seksjonsleiar på vegseksjon Fjordane Margot Åsebø mob. 951 91 902 eller hjå prosjektleiar Lars Erik Karlsen, tlf 95 19 18 27.

Søknad: Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Søk stillinga her