Stabile konkurstal

For heile landet var det små endringar i konkurstala for oktober, samanlikna med oktober i fjor.

I oktober blei det i alt registrert 521 konkursar og tvangsavviklingar i Noreg, mot 512 i oktober i fjor. Dette er ein auke på 1,8 prosent.

Fylkestala varierer

For dei einskilde fylka er det likevel store variasjonar. Finnmark hadde ein auke på 175,0 prosent. Men her dreier det seg om låge tal, ein auke frå 4 konkursar og tvangsavviklingar i oktober 2014 til 11 i oktober 2015. Buskerud hadde ein auke frå 23 til 42 konkursar og tvangsavviklingar, noko som gir 82,6 prosent auke. Hedmark hadde ein auke frå 8 til 12 konkursar og tvangsavviklingar, som gir ein auke på 50,0 prosent.

Andre fylke kan vise til færre konkursar og tvangsavviklingar i månaden som gjekk. Aust-Agder har ein nedgang frå 17 til 4, noko som gir 76,5 prosent nedgang. Nord-Trøndelag hadde ein nedgang på 75,0 prosent, frå 12 til 3 konkursar og tvangsavviklingar i oktober.

Etter ti månader

Hittil i år er det registrert 4 974 konkursar og tvangsavviklingar mot 4 969 i den same perioden i fjor, noko som gir ein auke på berre 0,1 prosent.

Også her varierer utviklinga i konkurstala frå fylke til fylke. Troms har størst reduksjon, frå 138 til 115, det vil seie 16,7 prosent. Aust-Agder hadde ein nedgang frå 104 til 88 konkursar og tvangsavviklingar, noko som utgjer 15,4 prosent. Oppland hadde ein nedgang på 14,7 prosent.

I løpet av årets ti fyrste månader har nokre av fylka hatt ei stigning i konkurstala. Dei som har auka mest hittil i år er Sogn og Fjordane med ein auke på 29,1 prosent, Buskerud 24,0 prosent og Nordland med ein auke på 17,0 prosent.