Stadig færre konkursar

Det er framleis nedgang i talet på konkursar. I 3. kvartal 2015 blei det opna 879 konkursar, 15 prosent færre enn i det same kvartalet i 2014, melder SSB.

Troms, Nordland og Vest-Agder var fylka med den største prosentvise nedgangen, med høvesvis 48, 46 og 44 prosent færre konkursar samanlikna med det andre kvartalet i fjor. Også den største nedgangen i absolutte tal finn vi i Nordland og Vest-Agder, samt Akershus, med høvesvis 24, 24 og 26 færre konkursar.

Tala gjekk ned eller heldt seg stabilt i alle fylka unnateke Hedmark og Oppland med ein oppgang på 15 og 8 prosent som motsvarar høvesvis fire og to fleire konkursar enn i 3. kvartal i fjor.

Tre av fire konkursar, i alt 652, var føretakskonkursar som omfattar alle føretak unnateke einskildpersonføretak. 25 prosent av føretakskonkursane var innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner. Dei resterande 227 konkursane var einskildpersonføretak og personlege konkursar. 41 prosent av desse var innanfor byggje- og anleggsverksemd.

Det blei opna totalt 3 338 konkursar i dei ni fyrste månadene i år. Det er 7 prosent færre enn i den same perioden i 2014.