Illustrasjonsfoto: Ådne Homleid

Bilfinger/Aurstad så vidt lågast i Sogndal

Statens vegvesen har 24. september hatt tilbodsopning på Loftesnesbrui på rv. 5 i Sogndal. Sju entreprenørfirma deltok i konkurransen.

Pristilboda strekk seg frå 238,4 til 293,6 millionar kroner. Statens vegvesen vil no kontrollrekne tilboda.

Oversikt over prisar:

* Bilfinger og K.A. Aurstad: 238.431.622,36

* NCC Construction: 238.982.248

* Implenia: 256.448.527

* Contexo: 256.920.720,41

* Skanska: 258.826.227,69

* Metrostav og HAG anlegg: 259.825.144

* Christie & Opsahl: 293.607.487

- Eg er nøgd med responsen i marknaden, for sju tilbod gjer at det er god konkurranse om å få byggje Loftesnesbrui. Prisnivået var jamt blant dei to billegaste, med berre ein halv million i skilnad, seier prosjektleiar Gunnar Solbakken.

Går alt etter planen, vil entreprenør kunne starte tilrigging i Sogndal i desember, og arbeida vil kunne starte for fullt på nyåret. Nye Loftesnesbrui skal takast i bruk ved utgangen av 2017, og heile prosjektet skal vere ferdig til sommaren 2018.

Vegprosjektet rv. 5 Loftesnesbrui består av ei ny 194 meter lang nettverksbogebru over Loftesnessundet i Sogndal og utbetring av veg i tre retningar. Det skal byggjast ny rundkjøring, og fyllast ut med masse på begge sider av sundet.